Kjell redda kampen

Det vart uavgjort i A-laget til Fitjar sin kamp mot Søre Neset i Fitjar idrettspark i ettermiddag, etter at Kjell Træet utlikna til 1-1 i kampens siste minuttar.

Vel  50 små og store fitjarbuar hadde benka seg på og rundt tribunen for å få med seg haustens første heimekamp med A-laget, og A-laget sin første kamp på grasbanen etter at det vart sådd i nytt gras der 5. mai i år.

Det gjekk ikkje Fitjar sin veg i første omgang, og einaste scoring før pause var det Anders Linden frå Søre Neset som stod for, etter 35 minutt.

Det var ein forholdsvis jamn kamp utan dei store sjansane, og det var og laber innsats frå heiagjengen på tribunen, heilt fram til Kjell Træet vart bytta inn 12 minutt før slutt. Etter nokre få minutt på banen sørgde Kjell for utlikning, på eit direkte frispark. Eit velfortent mål, meinte supporterane, og med det tok kampen seg opp. Men det var lita tid igjen til å få gjort noko, og kampen enda uavgjort 1-1.

Øyvind Fykse Lie, som er attende i Fitjar sin stall etter å ha spela både for Solid og Brann, vart kåra til dagens Fitjarspelar og mottok applaus frå publikum, samt eit gåvekort frå Larsen Multihandel.

 

 

Neste heimekamp for A-laget vert om to veker.