Laurdag 21. Juli 2018


Tøft sommarløp

29 veltrente kroppar stilte til start under Fitjar halvmaraton i dag. Fleire lokale løparar gjorde seg bemerka, men nok ein gong tronte Bjørn Tore Taranger (Fana) og Janne Elin Vatnaland (Bokn) øverst på sigerspallen.

Fitjar halvmaraton vert annonsert som eit enkelt arrangement, sjølv om ikkje aller er einig i det når dei ser kaka dei får servert etter endt løp. Øyvind Skålevik i arrangementskomiteen seier dei ynskjer å gje eit løpstilbod i ferien, utan at det skal vera alt for mange deltakarar og kreva eit stort arrangementsapparat. I år, då løpet vart arrangert for trettande gong, stilte 29 løparar til start, derav sju lokale. Sju vaksne og fire ungar frå idrettslaget var aktive i sekretariatet, ved drikkestasjonane og på kjøkenet. I rekordåret 2010 var det heile 38 startande, men den gongen kun fem lokale løparar. Motivasjonen for å delta er ulike. Nokre har dette løpet som mål for eit heilt, for ikkje å seia fleire, år med trening, andre nyttar løpet som oppkøyring til andre tøffare og lengre løp, og ein del seier dei kun deltek for kaka sin del. Uansett så ligg det mykje trening bak å kunne gjennomføra eit slikt løp på heile 21,098 km på asvalt i kuppert terreng. Traseen gjekk som alltid frå idrettsparken, ei sløyfe rundt Årskog og så rundt Storavatnet via Skålavikjo, Vestbøstad, Rydland, og sist men ikkje minst den tunge og dryge Hungersdalen før dei på ny passerte sentrum og møtte ein siste motbakke opp mot idrettsparken.

Det var mange einslege løparar i dag, og få nytta seg av selskap eller "drahjelp" frå konkurrentane. Først ut frå stadion var Bjørn Tore Taranger, og luka frå han til resten av gjengen vaks seg stadig større til han til slutt hadde eit forsprang på dei andre på rundt to kilometer. Slik vann han nok ein gong Fitjar halvmaraton i einsleg majestet, og kunne sitte nesten ti minuttar ved målområdet og få att pusten og veskebalansen før han tok imot Per Martin Furevik som slik mange hadde forventa sprang inn til ein klar andre plass. Etter dettte var avstandane mindre, og gjennom løpet var det lenge usikkert kven som kom til å stikka av med bronseplassen. Roar Pedersen frå Fitjar låg lenge svært godt an, men måtte på dei siste harde kilometrane sjå seg forbigått først av Sveinung Berge og så lagkamerat Tor Henning Vestbøstad, som sprang inn til ein god fjerde plass. Etter dette ramla Fitjarbuane inn over målstreken. Like etter Roar kom Jarle Kloster, så Magne Skumsnes, Dan H. Torbjørnsen, utflytta fitjarbu Guro Landa Eikeland og Agnar Årskog. Alle frå Fitjar gjennomførste på godt under to timar.

Både lokalkjende løparar og andre sa det var eit svært tøft løp i dag. I tillegg til at løypa er ganske tøff med nokre harde stigningar mot slutten vart det under siste halvdel av løpet mykje sol og svært varmt. Mange ønskte seg då både solbriller og meir drikke, og mange av kommentarane som kom ut under målpasserering trong ein viss sensur.  Elles var det mykje humor, glede, kameratsleg oppbacking, løpsdiskusjon og ord til ettertanke ved målområdet.

Etter ein kald dusj, nokre vaffelhjerter og eit godt kakestykke med fitjarbringebær på toppen, forlot den lettbeinte gjengen idrettseparken, medan den nyvalgte leiaren i idrettslaget Aina Vestbøstad, stod att med oppvasken, og kunne sjå attende på nok eit vellukka arrangement i regi av idrettslaget. Og kanskje trakk ho litt stolt på smilebandet då løparane på veg ut av klubbhuset minna kvarandre på at dei måtte ha gyldig grunn for å ikkje stilla neste år...

Resultatliste:

Kvinner
1. Janne Elin Vatnaland, Bokn, 1.35.04 
2. Klara Lyngsnes, JBV BIL, 1.38.06
3. Linda Wendelberg, Strindheim, 1.41.2
4. Guro Landa Eikeland, Fitjar, 1.48.10
5. Marta Lyngnes, Netlife research, 2.01.33
6. Marta Idland, Bjerkreim IL 2.01.57
7. Martyna Koenig, Haugesund IL, 2.06.06
8. Elisabeth Grov, Bremnes IL, 2.10.26
9. Gunhild Haukeland, Haugesund IL, 2.21.51

Menn
1. Bjørn Tore Taranger, BFG Fana, 1.19.11
2. Per Martein Furevik, Stord, 1.28.42
3. Sveinung Berge, Veldegruppen, 1.30.45
4. Tor Henning Vestbøstad, Fitjar, 1.31.19
5. Roar Pedersen, Fitjar, 1.31.51
6. Harald Gjøsæther, Solid IL, 1.34.42
7. Jarle Kloster, Fitjar, 1.37.03
8. Magne Skumsnes, Fitjar, 1.37.37
9. Dan Harald Torbjørnsen, Fitjar, 1.44.19
10. Alf Gaupås, Kondis, 1.45.42
11. Svein Rasmussen, Kondis, 1.46.50
12. Terje Bårdsen, Torvastad IL, 1.47.24
13. Jan Ove Hemnes, Noteam, 1.50.55
14. Trond Vatnaland, Noteam, 1.53.51
15. Agnar Aarskog, Fitjar, 1.54.28
16. Kristian Øen, Kondis, 1.55.00
17. Harald Idland, Bjerkreim Il, 1.55.30
18. Jan Lillemoen, Hovding IL, 1.58.42
19. Kapser Zwicky, Haugesund IL, 2.03.25
20. Steinar Øen, Tertnes, 2.10.26

Vandreskjoldet, som går til den løparen som har best tid sett i forhold til kjønn og alder, var i år nytt etter at  Bodil Mjelkevik frå Haugesund fekk det til i odel og eige i fjor etter å ha fått tre napp i det. Den som aller først får sitt namn gravert inn i det nye skjoldet er Linda Wendelberg frå Strindheim, og med det startar ei ny kniving om det edle trofeet.

For spesielt interesserte: Fitjar halvamaraton 2010. Fitjar halvmaraton 2009. Fitjar halvmaraton 2008.

Til topps i NM for islandshest

19.07.2018 Kjetil Rydland

Carolin Storebø og hingsten Arnviður heime i Vik med det synlege provet på siger i NM. Foto: Kjetil Rydland. Til topps i NM for islandshest Med hingsten Arnviður gjekk Carolin Storebø frå...

Les meir ...

Fitjarpoteter i butikkken i morgon!

19.07.2018 Kjetil Rydland

No kan Turid Fitjar forsyna kundane sine med tidlegpoteter frå Fitjargarden. Foto: Kjetil Rydland. Fitjarpoteter i butikken I dag begynte Turid Fitjar å ta opp poteter, og i morgon er det tidlegpoteter frå...

Les meir ...

Pengar til verna kulturminne

19.07.2018 Kjetil Rydland

Rydlandssago var det kulturminnet som fekk det største tilskotet denne gongen.  Pengar til verna kulturminne Kultursjef Bente Bjelland gler seg over at fem søknader om tilskot til verna kulturminne i Fitjar har...

Les meir ...
annonse
annonse

Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen

18.07.2018 Kjetil Rydland

Illustrasjonsfoto: Pink Fish.  Geir Skeie opnar Pink Fish i Bergen I morgen, 19. juli, opnar Geir Skeie og partnarane den første Pink Fish-restauranten i Bergen. Dette er den tredje restauranten i kjeda...

Les meir ...

Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...
annonse

Ny lunsjkonsert med kantor Overweg

20.07.2018 Kjetil Rydland

Kantor Jan Overweg ved det nye orgelet i Fitjar kyrkje. Foto: Kjetil Rydland.  Ny lunsjkonsert i kyrkja med kantor Overweg I morgon er det klart for ny lunsjkonsert i Fitjar kyrkje med kantor...

Les meir ...
annonse