Noregsmeister frå Fitjar

Line Jensen Westvik vart i dag noregsmeister under NM for nordlandshestar.

NM for nordlandshest, og kalla lynghest, gjekk av stabelen i Skien 28.-30. juli. Line Jensen Westvik deltok mellom anna i sprangriding i klassen 80 cm senior, som føregjekk på Klosterskogen Ridesenter søndag føremiddag. Line gjekk her av med sigeren saman med hesten Skogans Grane.

Det var fleire deltakarar frå Fitjar under NM. Ei av juniorane, Karina Christensen, fekk ein god tredje plass i galopp. Saman med hesten Tufte Lynet kom ho inn til tida 1.22.3 under galoppløp 900 m for junior.

Meir om NM for nordlandshest/lynghest kan ein lesa her.