Måndag 22. Januar 2018


Fotball og is i strålande solskin

Siste dag av Spar-cupen på Fitjar vart ein flott fotballfestdag med strålande solskin, ivrige unge fotballspelarar, mange mål, eit engasjert publikum, foreldre med opne lommebøker for dei som ville ha is, ein domar i FIFA-drakt og mykje meir.

Dagen starta roleg med kamp på to av seks banar. Etter kvart auka det på med både spelarar og publikum, og alle seks banane vert tekne i bruk. Sola skein frå skyfri himmel, det var fyr i grillen, kiosken var open og fotballane rulla.  Skyt, skyt skyt! Kom igjen, ikkje gje deg! Den er din! Flott! Gå på! Dekka dei! Bra! Engasjerte foreldre og trenarar ropte i munnen på kvarandre på sidelinjene. På banane var det liv og røre og massevis av ekte, smittande fotballglede. Dei fleste gav alt og sprang til sveitten rann, viss dei då ikkje gløymde seg vekk ein augneblink og tenkte på noko heilt anna. I pausane var det sjølvsagt mas om is, for det var nesten like viktig som fotball, syntes mange. Tørste på brus vart dei og av all springinga i den gode, varme sola. Dette er kjempekjekt, fortel ungane me er i snakk med, og rundt oss ser me hundrevis av strålande, tende barneaugo.

Ein kunne skrive side opp og side ned om fotballspelinga denne helga. Fotballspelarane bobla over av glede og engasjement, og det skulle ikkje meir enn eit lite hei til før kjende eller ukjende spelarar la ut om gleda ved dagen med alle detaljar. Det handla om mål, sjølvmål, keeperferdigheiter, pasningar, siger og tap, og litt om kyr på beitet bak banen eller favorittisen deira som dei var tom for i kiosken.

Me får eit tips om at på bane fem, der det går føre seg ein kamp mellom Stord og Trott, er det ein FIFA-domar som står for døminga. Brynjar Bergesen har nok enno ikkje kome så langt, men han kledde godt FIFA-domardrakta han hadde fått lånt av domarveteran Roald Nilsen, som igjen hadde fått drakta av Noregs store domar Terje Hauge. Drakta hadde sist vore i bruk då Hauge dømde i EM i 2004. Domarane denne helga var alle lokale gutar og jenter som har teke domarkurs på Fitjar, og som fekk god erfaring og litt løn for jobben. Dei gjorde ein god jobb, og denne dagen då det var dei yngste spelarane, dei i 1. og 2. klasse som var i sving, handla jobben deira vel så mykje om å rettleia som å døma. Det såg dei ut til å takla fint, og Camilla Volden, Brynjar Traa, Jonas Heggøy og Petter Volden som var nokre av ungdomane i gule domardrakter sa alle at det hadde vore veldig gøy å vera domarar på denne cupen. Det var Finn Ingvar Havnerås som hadde rekruttert dei unge domarane og som haldt styr på dei. Damene i sekretariatet og i kiosken skrytte av han og av Mai Britt Sandtorv som hadde ordna med kamp-oppsettet. Men dei me høyrde aller mest skryt av denne dagen, i tillegg til alle dei unge, dyktige fotballspelarane, var dei tre damene som var heile drivkrafta i årets cup; Monika Hatlevik, Mona A. Traa og Anne Helene Vestbøstad. Dei har stått på seint og tidleg og lagt alt godt til rettes, både for dei andre frivillige hjelparane, publikum og spelarar.

Lurer du på svaret på spørsmålet frå laurdag, om kor lenge Spar-cupen har halde på? Me har ikkje funne eit heilt enkelt og eintydig svar på dette. Det vert fortalt at allereie i 1977 starta dei med lilleputt-turnering på Fitjar på grusbanen. I 1991, då grasbanen var ny, flytta Fitjarturneringa opp på den nye banen og frå då av fekk cupen si noverande form. Seinare har turneringa fått namnet Spar-cup. Om ein ikkje fann eit eintydig svar på kor tid det starta er det semje om at cupen så absolutt fortsatt er liv laga. Neste år er det ny cup, første helga i juni. Då vert det truleg på ei flott, ny grasmatte på banen i Idrettsparken. Fleire av dei som reiste heim i dag med deltakarmedalje rundt halsen og ei ny drikkeflaske i handa har allereie teke til å gle seg til neste Spar-cup.

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...

Debuterte med utstilling i Galleri Losje…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Brenda Mata debuterte med utstilling i Galleri Losjen i dag, her saman med musikaren Juan Carlos Moromenacho Marquez frå Equador. Foto: Kjetil Rydland. Debuterte med utstilling i Galleri Losjen Brenda Mata debuterte...

Les meir ...

MOT med jenteløft på Rimbareid

19.01.2018 Kjetil Rydland

Victoria M. Maraas, Natalie Steien og Romante Zemgulyte minglar på gårsdagens jenteløft. Foto: Kjetil Rydland.  MOT med jenteløft på Rimbareid Torsdag kveld fylte ungdomsskulejenter amfiet på Rimbareid skule då MOT inviterte til...

Les meir ...
annonse
annonse

Handballdamene sjanselause mot Stord

18.01.2018 Kjetil Rydland

Anita Haugland lukkast ikkje heilt mot Anna Thorland og Stord. Foto: Kjetil Rydland. Handballdamene sjanselause mot Stord Fitjar sine beste damer på handballbanen fekk bakoversveis og tapte prestisjeoppgjeret mot Stord med heile...

Les meir ...

Fundamenta til dei nye vindmøllene er kl…

17.01.2018 Kjetil Rydland

Hans Erik Larsson frå firmaet Spennteknikk spenner strekkstaga til mølle 56. Foto: Kjetil Rydland. Fundamenta til dei nye vindmøllene er klare Når dei elleve nye vindmøllene kjem i april, skal dei ikkje...

Les meir ...

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIV…

17.01.2018 Fitjar kommune

Utstillingsopning i Galleri Losjen, UNIVERSAL BEINGS

Les meir ...
annonse

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...