Tone susar vidare

Tone Sandtorv Brakedal var Fitjar sin einaste deltakar på Framolekene som vart arrangert på Fana stadion i helga. Som vanleg gjorde ho ein fin figur.


Første øving 60m synte som sist gong at Tone har litt å hente i starten, men på dei siste 20-30m var det heller ikkje denne gongen nokon som kunne true henne. Ikkje ulikt Usain Bolt pressa ho seg eit hundredel føre sin argaste konkurent Kari Kuvaas Herting frå Bergens turn. Dei 18 andre deltakarane var noko bak desse to fartsfantoma. Vinnartida 8,79 er noko bak pers, men gir solide 935p etter tyrvingtabellen*.

På 40m søndag var det igjen duka for siger. 6,23 var denne gongen grei margin, eit tidel, tilbake til nr to. Tida er knallsterk og gir 972 tyrvingpoeng*!

I høgdesprang måtte Tone ta til takke med 4.plass etter å ha svinga seg over fine 1.30m. Vinnaren Julie Woie Flølo, truleg dotter til ein tidlegare noregsmeister for junior, greidde heile 1,43m. Ei høgde Tone truleg vil nærme seg i løpet av sesongen.

*Tyrvingtabell: poengsystem i friidrett som rangerer resultat relativt i høve til kjønn og alder.700p vert vurdert som svært habilt, 850-900 topp krinsnivå og 950-1000(og oppover) nasjonal toppklasse i den aktuelle øvinga i klassen resultatet er prestert.