Sparcupen er godt i gang

Fotballcupen Sparcup er godt i gang på Fitjar, med hundrevis av fotballspelarar i alderen seks til ti år i sving på kunstgrasmatta.

Då startskotet gjekk klokka 10.00 laurdag føremiddag var det duka for to heile dagar med fotball-glede på Fitjar. Spar-cupen er for dei som går i 1. - 4. klasse, og 67 lag frå Stord, Fitjar og Austevoll er påmelde, kan Britt Lise Volden i sekretariatet opplysa, før ho åtvarar mot sterk lyd og blåse av første kamp. Det vert spelt på seks banar parallelt , og i løpet av helga er rundt 600 unge fotballspelarar i sving på kunstgrasmatta. Det er eit lite skår i gleda at cupen i år ikkje kunne haldast på grasbanen i Idrettsparken, grunna at den er nysådd etter isbrannen i vinter. Men det ser ut til å fungera fint på kunstgrasbanen og, sjølv om det har kravd ekstra planlegging av dei som har sete i arrangørnemnda. Cupen er godt organsiert på alle vis, frå parkering, til kampoppsett, domarar og matsal. God planlegging og mange dyktige frivillige kan ta æra for det. Etter mange år med cup sit arrangørane på mykje god erfaring, men på spørsmål om kor lenge cupen har halde på, svarer Anne Helene Vestbøstad i styret at det lurer ho og på. Kanskje har me svaret til i morgon...

I dag, laurdag er det 3. og 4. klassingane som er i sving på matta. Søndag er det 1. og 2. klasse sin tur. Cupen samla som vanleg mykje folk i dag, ikkje berre fotballspelarar og foreldre, men heile slekter og mange andre interesserte.

Litt kjøleg drag i lufta gav perfekt temperatur for dei aktive på banane, og gav godt kaffisal i kiosken til foreldre som stod på sidelinja og småhutra. Det var stor aktivitet og engasjement både på banen og på sidelinjene, og til tider veldig godt fotballspel. Me merka oss særleg gutar 2002 frå Fitjar som hadde godt lagspel, enorm kampvilje og nokre unge spelarar med ein skotfot nestan utan like. Og så får me håpa kampviljen og fotballgleda er like stor hos all dei andre tretten Fitjar-laga som deltek på cupen og alle gjestene.