Ditta va kjempekjekt!

Fire lag frå Fitjar deltok på Aasen-cup på Moster i helga. På veg heim etter tre spelte kampar og premiutdeling kom det spontant frå dei kvite og grønkledde jentespelarane frå Fitjar: "Ditta va kjempekjekt!"

Cupen fann stad på Moster idrettsanlegg på Bømlo, som består av ein kunstgrasbane og ein grasbane.

Først ut om morgonen var gutar 2000. Dei vart nok teken litt på senga av lag med kortare reisetid, men det var heilt greit, i følgje trenarane. Dei hadde hatt ein fin fotballdag og var allereie på veg heim då dei tre andre Fitjarlaga kom til Moster.

Jenter 2000 og jenter 1999 tok ei uformell felles oppvarming før kampane var i gang, etter litt småforviklingar om kven som skulle spela kor tid. 11 og 12-åringane spelar no 7-ar fotball og hadde alle sine kampar på grasbanen.

Gutar 1999 hadde ein god dag og spelte stort sett svært godt med høgt tempo på banen.

Ein stor flokk med foreldre, besteforeldre og søsken var på plass for å heia på sine håpefulle.  Med strålande solskin, is i kiosken og mykje bra fotball-spel vart det ein festdag for både små og store.

j 00

Fitjar sine jenter 2000 helsar på motstandarane frå Rubbestadneset før kamp.

Lite å gjera framfor mål for keeper Ailin Vik i kampen mot Rubbestadneset.

Lite å gjera framfor mål for keeper Ailin Vik i kampen mot Rubbestadneset.

Flott utspark av Stina Vik.

Flott utspark av Stina Vik.

J 99

Mange klubbkameratar og andre heia jenter 1999 fram til siger i deira første kamp.

Mange fine redningar av gutar 1999 sin keeper Ruben Træet.

Mange fine redningar av gutar 1999 sin keeper Ruben Træet.