Fann fram i skodda

På trass av surt ver med tidvis tjukk skodde og sludd var over 70 små og store med på Barnas turlag sin Finn fram-dag på Fitjar.

Turen starta ved Vassverket, der alle deltakarane fekk utdelt det nyreviderte kartet over Midtfjellet med påteikna 10 turpostar og to turmål. Det var Barnas turlag med Rolf Atle Rolfsnes i spissen som stod for opplegget. Dei lokka med turmål, postar med oppgåver, gratis pølser og saft, premie til alle ungane og sal av barnas topptrim og turorienteringskart. Turglade familiar frå både Stord og Fitjar let seg lokka og fekk oppleva Fitjarfjellet i variabelt ver. Mødrer, og fedre, med erfaring med kalde tær og stor redsle for frost, hadde kledd godt på dei små. Men med høgt tempo oppover bakkane og utan eit vinddrag i lufta tok det ikkje lange stunda før dei små måtte få letta på antrekket. Då var det godt med ei mamma eller ein pappa med stor sekk der alt kunne puttast oppi.

Kva heiter dei fire himmelretningane? A: Opp, ned, bort, fram, eller B: Nord, sør, aust, vest eller C: Ut, inn, opp, ned? Kvar peikar den raude kompassnåla? Nord, sør eller heim? Her måtte mange tenka seg godt om før dei klypte merke i den rette ruta på registreringskortet. Etter fem slike postar kjem me opp på flata inn mot Olstjørna, og der traff eg ein stor flokk ungar, med nokre vaksne på slep. Dei syntes det var kjekt å vera på tur, i alle fall no då dei berre skulle gå bortover. Det vil bli så mykje lettare, meinte gutane.

I det det kjem eit vindpust og skodda lettar litt kan me skimta Olstjørna som er første mål på turen. Der står Øyvind Skålevik klar med nygrilla pølser og varm kaffi, og kald saft til dei som er tørste. I tillegg til å pusta ut fekk ein her sjekka svara sine opp mot fasiten og ein kunne vera med å tippa tal på seigemenn på glas. Sidan det er 50 seigemenn i ein pakke og turleiar Rolf Atle Rolfsnes hadde ete tre styke var det 47 seigemenn igjen. Den som klarde å tippa rett og som vart den heldige seigemannglas-vinnaren var Sander Gjøsæter.

For dei som hadde meir krefter igjen gjekk turen vidare til Svartavatnet, med fem nye postar langs ruta. På grunn av skodda stod alle over den annonserte turen til Beinatjørnsvarden og tok heller same trygge veg ned att. Den einaste som trossa skodda, sludd og regn, og vinden som hadde auka på, for å bestiga toppen var mister Rolfsnes som skulle leggja på plass topptrimboka på varden. Det såg heller skummelt ut då han la ut innover i skodda utan synleg sti i snøen. Men då me kom heim med blaute kle og raude kinn, skein det opp. Me såg brått både sol, fjord og fjell, og kunne slappa av for at Rolf Atle og hadde kome ut av skodda.

No er altså topptrim-boka på Beinatjørnsvarden på plass. Klippekort til Barnas topptrim kan ein få kjøpt hos Larsen, og frå 16. april skal alle postane vera klare. Turorienteringskart kan ein og få kjøpt same stad.