Nytt kart over Midtfjellet

Om 1 ½ månad er o-folket klare for ein ny sesong, og både turorienterarar og o-løparar kan då få prøva det nye kartet på Midtfjellet. Før det inviterer o-gruppa til orienteringskveld i klubbhuset allereie komande søndag kl 18.00.

Det gamle kartet over Stord- og Fitjarfjellet er både utdatert og lite detaljert. I tillegg er terrenget som er dekka av Fitjar aust-kartet ein del endringar. O-gruppa har difor hatt planar om nytt kart over delar av Fitjarfjellet og området ned til vegen ei stund. Arbeidet starta i vår, og i haustferien var tre menn frå Tjekkia her for å gjera jobben med synfaring av området frå Vassverket til nordre enden av Svartavatnet. 4 km2 på nordsida av vegen til Svartavatnet er no kartlagt på nytt, og JOW-DAK (Jørn Ove Woldsdal) frå Bergen har fullført arbeidet med digitalisering.

Kart er o-løparane sitt idrettsanlegg, og det er eit tidkrevjande arbeid med synfaring og teikning som kostar ein del. Midtfjellet er første delprosjekt av eit større kart på om lag 12 km2, og heile prosjektet har ei kostnadsramme på kr 245.000. Det er difor godt at ein kan søkja om å få dekka delar av dette gjennom tippemidlar og sponsorar.

Komande søndag inviterer o-gruppa gamle og nye orienterarar til o-kveld i klubbhuset. Her blir det m.a. premieutdeling for 2010-sesongen og informasjon om 2011-sesongen. Det blir òg servert pølser, saft, kaker og kaffi, og det blir høve til å kjøpa turo-merke for dei som vil ha det.

Turorienteringa for 2011 skal vera klar til siste helga i mars, og 27. mars er det planlagt Finn fram-dag saman med Barnas Turlag. Turen går frå Vassverket, og det blir ulike aktivitetar underveg til Olstjørn, Svartavatnet og Beinatjønnsvarden – eit av turmåla i Barnas Topptrim dette året. Utover i sesongen blir det i tillegg lokale løp der ein kan få testa o-ferdighetane sine, og o-gruppa håpar på oppsving og godt o-miljø i Fitjar framover.