Torpedo til topps igjen

Etter eit langt døger med mykje godt fotballspel vart det kåra tre vinnerlag i årets Wärtsilä-cup. Torpedo, med ein stor maskot- og supportergjeng vann eliteklassen for herrar dette året og.

Publikum og spelarar skryt av ei godt organisert turnering i det ballen rullar for siste gong i idrettshallen denne helga.

Første finale går i dameklassen mellom Advantec og Mor di. Mange på tribunen ropar og heiar på Mor di, men sigeren gjekk denne gongen til Advantec.

Beste lag frå Fitjar i dameklassen vart Komlene som kom på ein god 4. plass. Om det ikkje vart medalje på dei populære fitjardamene, så fekk dei fair-play-prisen for sitt spel, og lagleiar Mai Britt Sandtorv tok imot denne på vegner av laget.

Neste finale er i open klasse for herrar, og her vinn Håkelklubben overlegent 6-1 over Jokers etter ein heftig kamp med høgt tempo og mykje snubling.

I foajeen framfor resultatlista står ein ivrig fotballspelar på tre-fire år og hoppar og seier at han veit kven som vann, på trass av at siste finale ikkje er spelt. Eg vert nysgjerrig og spør: Kven då? "Jo eg vett kim så vant, da va alle da!", seier den glade fotballspelaren. Så sant så sant, alle som er med i denne turneringa er vinnarar! Premiar og pallplassering er berre ein ekstra bonus, men ein bonus dei kjempar veldig hardt for, sjølv om mange spelarar seier det sosiale med cupen er det aller viktigaste.

Finalen i eliteklassen for herrar går mellom  Ragnarokk og Torpedo. Torpedo frå Fitjar vann denne klassen i fjor etter straffespark-konkurranse. I år har dei overtaket i finalen frå start av. Kjell Træet scorar tidleg i kampen, og like etter får Stian Hatlevik smelt ballen i mål. Stordlaget Ragnarokk vert stadig meir aggressive, og dei får eit mål, men lenger enn det kjem dei ikkje. Torpedo var best både i angrep og forsvar og går velfortent av med sigeren 2-1, og kan nok ein gong smykka seg med tittelen best av dei beste.