Laurdag 23. Juni 2018


Full rulle

Wärtsilä-cupen er godt i gang, og i idrettshallen skal fotballen rulla nesten utan stans i over eit døgn. Eit døgn med fotballglede, fotball-alvor, spenning, siger og nederlag, liv og røre.

Fjorårets vinnarar i open klasse for herre, som er klassen for dei som ikkje vert rekna som aktive spelarar, Blue Oyste Boys var med å opna fotball-cupen med ein 13 minuttars kamp mot Bakken. Laga består av 8 spelarar, derav 5 på banene  inkludert keeper og tre på benken. Dei blåkledde vann den første kampen ganske lett 4-0.

Først ut av damelaga var Komlene mot bananene. Komlene har lang erfaring og gjekk hardt ut mot det nyare laget, som består av ein yngre garde fotballspelarar. I denne kampen vart det fleire familiære-taklingar, som stort sett gjekk i dei eldste sin favør. På tross av godt spel av dei unge og spreke, var det heilt klart dei eldste som hadde overtaket i kampen. Komlene spelte frampå og hadde mange sjansar men berre to av desse gav nettkjenning. Med stødige Mai Britt Sandtorv i mål fekk ikkje Dei utrulige banana airlines oppleva scorings-musikk til si ære i denne kampen.

Tribunen var ganske full av fotballspelarar som venta på tur i tillegg til bygdefolk, slekt og vener som heia på mamma, pappa, tante eller onkelen, eller læraren eller nokon andre dei kjende, eller dei berre heia eller prata med sidemannen. Stemninga var god, og kiosken var kjekk å ha når ein fekk lyst på ei varm pølse eller noko søtt til kaffien.

Då første elite-kamp vart blåst i gang av domar Nilsen, starta det verkelege alvoret, og med det og dramatikken. Midtvegs i kampen, medan stillinga var 1-1 dukka det første raude kortet og utvising opp. Med ein mann under hadde ikkje Jonas  Yang's star team med Mads Brakedal i spissen sjans mot Six pack attack som vann kampen 3-1.

Kvar kamp varer i 13 minutt og det står stadig nye spelarar på sidelinja og ventar på at det er deira tur. Ballen fortset å rulla heilt fram til klokka eitt i natt, så er det pause til klokka sju laurdag morgon, og då går det i eitt heilt fram til siste finale klokka 18.15.

Det er heilt gratis å koma å sjå på kampane og du kan vera der så lenge du vil. Ynskjer du å støtta fotballgruppa eller du berre er svolten er du velkomen til å handla i kiosken i foajeen.

Hatlevikbasaren

22.06.2018 Kjetil Rydland

Mykje folk og god stemning på Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv/HCH.  Hatlevikbasaren Søndag 7. juli er det igjen klart for den tradisjonsrike Hatlevikbasaren.

Les meir ...

Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Fitjar Skulekorps i toppform til NM  Høyr NM-programmet til Fitjar Skulekorps! Fitjar Skulekorps inviterer til før-NM-konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg onsdag i neste veke. 

Les meir ...

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

21.06.2018 Kjetil Rydland

Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR. A-laget slo Halsnøy / Trio 2! Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige...

Les meir ...
annonse
annonse

- Ikkje snakk ned kommunen vår!

21.06.2018 Harald Johan Sandvik

– Ikkje snakk ned kommunen vår! Rådmann Olaug Haugen og økonomisjef Trond Salmo informerer, Foto: Harald Johan Sandvik Snakk ikkje ned kommunen og den økonomisk situasjonen! Det var bodskapet frå kommunestyret i...

Les meir ...

Betelskipet tilbake til Fitjar

21.06.2018 Håkon C

Betelskipet tilbake til Fitjar   Betelskipet «Elieser 6» kjem tilbake til Fitjar på fredag, legg til ved Meierikaien og har kveldsmøte om bord.

Les meir ...

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret …

20.06.2018 Jonas Sætre

Fitjar har det dyraste byggesaksgebyret i Hordaland Medan Granvin kommune tek 4610 kroner i byggesaksgebyr, tek Fitjar komune heile 28.000 kroner for å gjere den same jobben.

Les meir ...
annonse

Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fit…

22.06.2018 Kjetil Rydland

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen er venta til Sveiseneset torsdag i neste veke. Foto: Samferdselsdepartementet. Samferdselsminister Solvik-Olsen til Fitjar Mek. Fitjar Mekaniske Verksted får besøk av samferdselsminister Ketil Solvik Olsen før han avsluttar ei...

Les meir ...
annonse