Tirsdag 23. Januar 2018


NM-gull til Øyvind Fykse Lie og Brann

Brann, med blant anna Øyvind Fykse Lie frå Fitjar, vann NM-finalen for G16 på Brann stadion i dag. Med dette vart Øyvind historisk som den første frå Fitjar i ein NM-finale for 16-åringar.

Dette var andre gong i historia at det vart spela NM-finale i fotball for gutar 16 år. Første gong, i 2009, var det Viking sine 16-åringar som gjekk av med sigeren. Kampen i år gjekk på Brann stadion mellom Brann og Stabæk. At kampen vart spela på sjølvaste Brann stadion gav ekstra stemning og opp mot 2 200 menneske møtte opp for å få med seg denne gratis fotball-kampen med svært høg kvalitet og spekka med unge fotballtalent. Dei fleste av spelarane på Brann-laget kjem frå Bergen, og Øyvind frå Fitjar er den som kjem lengst vekke frå.  For tida har Øyvind og gjort Bergensar av seg, når han no har flytta på hybel og går på toppidrettsgymnaset i Åsane. I Sunnhordland kunne me tidlegare denne veka lesa at Øyvind tok til i Brann i slutten av august, og såleis er ganske fersk på laget og i Brannmiljøet. Øyvind starta kampen på benken. Allereie etter 15 minutt fekk Brann si første scoring, og dei var klart best på banen gjennom heile første omgang. Til pause var stillinga 2-0 til Brann. Kampen bestod av to omgangar à 40 minutt. I siste halvdel av andre omgang kom Øyvind på banen, og han hadde med det same eit godt skot mot mål, men ballen gjekk dessverre ikkje inn. Det var Brann som hadde kontroll over andre omgang og, og dei kunne gå sigrande ut av kampen med heile fire mål mot Stabæk sine null. Brann-trenar Rune Soltvedt uttalte til fotball.no på fredag at han trudde dette kom til å bli ein jamn kamp, men slik vart det altså ikkje, her hadde Brann overtaket gjennom heile kampen og vann overlegent og fortent. Framfor over 2000 publikumarar og direkte-sending på nettet på NRK-sport kunne dei 22 brannspelarane ta imot hyllest og pokalar og smykka seg med tittelen Noregsmeister. Til slutt kunne kapteinen Jones Grønner løfta "bøtta" som det endelege beviset på at laget er Noregsmeister 2010. Seinare i dag vert det bankett for å feira seieren og dei unge lovande fotballspelarane.

Pappa Ketil Fykse, som stolt fekk oververa sonen sin NM-finale saman med mamma Solveig, fortel om ei svært flott stemning på stadion. Bataljonen var der med flagg og greier, og det vart spela nasjonalsong før kampstart. Det var ei fin ramma rundt kampen. Ketil, som har langt meir peiling på fotball enn journalisten, seier og at Brann var svært gode frå starten av. Det var ein kjekk kamp og Brann vann velfortent. Då me snakkar med Ketil på telefonen på ferja heim frå kamp er den ferske noregsmeisteren Øyvind allereie på plass på festen.  Ketil fekk ikkje veksla så mange ord med den historiske sonen sin etter kampen, berre så snarast overlevera dressen han trong til banketten, for den skal det vera stil over.

Det var mange fotballnamn på Brann stadion i dag me kjem til å høyra mykje meir om i åra framover, og eit av dei er historiske Øyvind Fykse Lie som starta fotballkarieren sin på Fitjar. Fitjarposten gratulerer Øyvind med sigeren og ynskjer han lykke til vidare i fotballkarrieren!

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbo…

22.01.2018 Jonas Sætre

Meiner ølbryggeriet på Fitjar bryt forbodet mot alkoholreklame Fitjar kommune meiner ølbryggeriet En Liten Øl publiserer ulovleg alkoholreklame på Facebook.

Les meir ...

Marius Pedersen vann Norna-lekene på kna…

22.01.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen, friidrettsgut i rivande utvikling, vann Norna-lekene suverent. Foto: FP-arkiv/Kjetil Rydland. Marius Pedersen vann Norna-lekene på knalltid! Under Norna-lekene i Åsane i helga vann Marius Pedersen både lengde og 60 meter...

Les meir ...

Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal

22.01.2018 Kjetil Rydland

Ailin Vik med premien for årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal 2017. Foto: Ole Vidar Helland, Fitjar Racing Team.  Ailin årets bilcrossutøvar i NMK Vikedal Under årsmøtet til NMK Vikedal i helga blei...

Les meir ...
annonse

Full fest med Vassendgutane

21.01.2018 Kjetil Rydland

Vokalist og bassgitarist Sindre Aam var i storform på Fitjar i går kveld. Foto: Kjetil Rydland.  Full fest med Vassendgutane Vassendgutane var i storform i går kveld og trekte heile 750 festglade...

Les meir ...

Temakveld med Bente Bratlund

21.01.2018 Kjetil Rydland

Bente Bratlund kjem til Fitjar.  Temakveld med Bente Bratlund Førstkomande torsdag er det temakveld i kyrkja igjen, og denne gongen kan Eli Simonsen ønskja velkomen til eit møte med forfattaren Bente Bratlund frå...

Les meir ...

Fine skiløyper, varme pølser og god stem…

20.01.2018 Kjetil Rydland

Klara Olsen Aadland på åtte år i fin stil saman med mor si, Helga, på veg oppover mot Svartavatnet. Foto: Kjetil Rydland.  Fine skiløyper, varme pølser og god stemning Fitjarfjellet lokka med...

Les meir ...
annonse

VM-bronse til Onar

22.01.2018 Kjetil Rydland

Brørne Harald og Onar Westerheim på skeisebanen i Baselga. Foto: Privat.  VM-bronse til Onar Westerheim-brørne Onar og Harald Westerheim gjorde ein sterk innsats under skeise-VM for veteranar i Italia, og Onar sikra...

Les meir ...