Full rulle på kunstgraset

Første dag av Vintercupen 2014 hadde alle dei faste postane; tap og siger, feite mål, hustre vêr og ein og annan skadesmell.

Den kalde vinden bidrog kanskje til å kjøla toppane, slik at det ikkje blei altfor heitt rundt på banane. Den sterke vinden gjorde det også lettare for dei som slurva med oppvarminga, og heller satsa på tigerbalsam for å få varmen i musklane; eimen bles rett og slett vekk før den steig til nasenivå. Vinden fekk også skulda for det som måtte vera av pasningar som avveik frå den nøye utrekna ballbanen. Med lovnader frå vêrmeldarane om regn og vind laurdag, teiknar det til å bli ein dag med skikkeleg vestlandsvinter som ramme. Då er det godt at det innimellom er spel som varmar rundt på banane.