Sosial Aadlandsk fem-kamp

Den fjerde Aadlanske femkamp gjekk av stabelen på Fitjar laurdag 2. august.

Bård Inge Bø melder om godt frammøte på den fjerde Aadlandske fem-kamp i Fitjar idrettspark. Arrangementet var ope for alle som ville vera med og deltakinga krov inga friidrettsbakgrunn. Bård Inge fortel at om ein tel med dei ungane som sprang "i vegen" var oppmøtet på over 30 stykker. Ein god del kom mest for stemninga og det sosiale og det enda opp med at i underkant av ti stykker gjennomførde heile femkampen som bestod av stille lengde, kule, spyd, 60 meter og 3 000 meter. Resultata kan deltakarane nytta til idrettsmerketaking.

Andre Olsen Aadland, som kom med ideen for nokre år sidan og som fem-kampen er oppkalla etter,  fortel at Bård Inge Bø innfridde favorittstempelet nok eing gong med ein klar siger. Han seier vidare at stemnet bar som alltid preg av mange nye personlege rekordar og god stemning, og han vil gjerne takka alle for ein kjekk dag og ynskja nye og gamle deltakarar velkomne neste år.

Resultat:

Stille lengde:

Bård Inge Bø 2.71
Andre Olsen Adland 2.59
Jostein Enger 2.53
Kristian Løining 2.49
Olav Oma 2.12

Hanne Norunn Enger 1.93
Elisabeth Moldestad 1.80

Kule:         
Bård Inge Bø 9.44 (seniorkule)
Andre  Olsen Aadland  8.60
Kristian  Løining 7.63
Jostein  Enger 7.29
Olav  Oma 5.40

Elisabeth  Moldestad 6.22  (3kg kule)
Hanne Norunn  Enger  6.11

Spyd:              

Andre  Olsen Aadland 36.7  (800 g)
Bård Inge  Bø  33.58
Jostein  Enger 25.87
Olav  Oma 25. 30
Kristian  Løining 24.43      

Hanne Norunn   Enger 17.65  (600 g)
Elisabeth  Moldestad 10.9

60M

Bård Inge Bø 7.94
Kristian Løining 8.2
Andre Olsen Aadland 8.2
Jostein Enger 8.66
Olav Oma 9.7

Hanne Norunn Enger 9.8
Solfrid Sandvik Bø  9.9
Elisabeth  Moldestad 10.9

3000m                

Bård Inge  Bø 10.38
Håkon Rydland Sæbø  11.32
Olav   Oma 12.23
Jostein Enger 14.06
Kristian  Løining 16.00

Solfrid  Sandvik Bø 12.45
Hanne Norunn Enger 15.56