Tone med norsk årsbeste og persar

Tone Sandtorv Brakedal hadde laurdag nok ein sterk dag under Tyrvinglekene på Nadderud i Bærum.

Trenar Bård Inge Bø skriv til Fitjarposten at Tone Sandtorv Brakedal sette personleg rekord og norsk årsbeste på 80 met er hekk. Den nye personlege rekorden hennar er 12,15, ei forbetring på 18 hundredelar. Det gav ho siger i 15-årsklasse. Bø legg til at ho også ville vunne 16-årsklassen med den tida.

I siste hoppet sitt i trestegkonkurransen tok Tone leiinga med eit hopp på 11,23, også dette ny pers. Ho hadde fram til dette hoppet lege på andreplass. Men det skulle likevel ikkje bli siger. I det siste hoppet i konkurransen hoppa konkurrenten Guri S. Aarø forbi og tok tilbake førsteplassen.