Tone Sandtorv Brakedal vann lengdekonkurranse

Bård Inge Bø rapporterer frå Tyrvingleikane at Tone Sandtorv Brakedal evnar å hevda seg i lengdegropa.

Denne rapporten tikka inn til Fitjarposten frå Bø laurdag:

Tone har levert nok ein flott friidrettsprestasjon. I solid motvind i går kveld gjennomførte ho ein sterk og stabil lengdekonkurranse og vann med resultatet 5,17. Sett i forhold til dei argaste konkurrentane, som hoppa opp i mot ein meter bak pers, er dette svært bra! Igjen!

I dag og i morgon skal ho vidare springe 100 m, hoppe lengde og tresteg.

PS: Tyrvinglekene vert arrangert på Nadderud stadion i Bærum. Og er Noregs desidert største friidrettsstemne. Tone reiser saman med utøvarar frå Stord og Haugesund.

weightloss steroids