Sesong for turorientering

Årets turorienteringssesong er i gang og for meg starta den med stolpejakt på sykkel.

Orienteringssgruppa i Fitjar idrettslag har lagt ut totalt 55 postar i områda Sælevik, Surefjellet, Midtfjellet og sentrum/Rossneset. Nytt av året er at dei 15 postane i sentrum og Rossneset er gratis stolpejakt. Desse postane består av ein kraftig gjerdestolpe med ein lapp med nummeret til posten på og ein kode med tre teikn som skal førast på kontrollkortet. Postane er lett tilgjengelege, anten ein går, trillar barnevogn, sit i rullestol eller kjem på sykkel slik me gjorde. Stolpane er forholdsvis lette å finna og stolpejakta kan difor vera ein god start for dei som ikkje har så mykje orienteringserfaring, og motiverande mål for ein kjekk sykketur for den yngre garde. Kartet til stolpejakta hadde me fått som innstikk i Fitjarposten i mars, men ein kan og få det gratis hos MX-sport.

For å finna dei resterande 40 postane må ein kjøpa seg ein orienteringspakke med kart, informasjonsfaldarar og registreringskort. Salet av desse pakkane starta hos MX-sport og på Videoen laurdag 29. mars og mange fleire enn oss er allereie godt i gang med turorienteringssesongen.

Eg og turfylgjet mitt kom ikkje i mål med alle stolpane denne søndagen. Men det er ingen grunn til å fortvila av den grunn, stolpane vert ståande ute ut året, så me har enno god tid til å jakta på resten av dei. Men skal ein vera med i trekkinga av premiar må ein finna alle postane og levera inn kontrollkortet, eller registrera kodane på nettet, før oktober.

Dei ordinære turorienteringspostane vert som vanleg ståande ute fram til 1. september.

Du kan lesa meir om turorienteringa og stolpejakta på den nye heimesida til Fitjar idrettslaget her