Glimrande lokalhistorie

I samband med at han fyller 80 år førstkomande laurdag er Karl Gloppen på marknaden med ny bok. Eit glimrande stykke lokalhistorie.

Boka har fått tittelen «Mellom bakkar og berg i Fitjar» med undertittel «Barndom og ungdomsminne».

Gloppen fortel i forordet av boka at han alltid har likt å lesa bøker og at han gjennom romanar og forteljingar vart inspirert til å skrive sjølv. Men i sine yrkesaktive år fekk han aldri tid til slikt. Jobben som lærar og undervisningsinspektør krov sitt, og fritida var mest fullteikna av sterkt engasjement innan korps, kor, songlag og andre kulturaktivitetar. 

Men då han vart pensjonist for 13 år sidan kom skrivelysten tilbake. Mellom anna har han vore ein flittig bidragsytar til «Sunnhordland årbok» og på «Karl si side» til Stord/Fitjar Miljøkontor. For nokre år sidan gav han óg ut ei bok med Haiku-dikt.

-I denne boka har eg gått tilbake til barne-og ungdomsåra...Dei er enkeltståande hendingar eller minnebilete eg har kalla fram: Ikkje særleg dramatiske, men av og til morosame - og sjølvironiske. Eg held meg på Fitjar - og til slutt litt på Stord, skriv han i innleiinga. 

Karl Gloppen gjekk jo fire år på Stord Lærarskule, og har med nokre minneglimt derifrå. Elles har boka mange artige kapittel der han fortel om nære hendingar frå garden og naturen, sommar som vinter. Herleg ekte - og levande skrive, spør du oss.

Ein viktig del av boka, og sjølv meiner Karl at den kanskje er den viktigaste, er dei to krigsdagbøkene han og broren Bjarne lagde frå 1943-1945. Korte dagboksnotat i stikkordsform, som har verdi i seg sjølv, men som vert endå rikare ved at Gloppen kommenterer dei no i ettertid. Veldig bra - og ypparleg fitjarhistorie. Boka er òg illustrert med vakre og illustrative teikningar, maleri og foto som forfattaren har stått for sjølv.

Til fitjarposten.no fortel Karl Gloppen at han starta på dette prosjektet like etter at han vart pensjonert, og så har det vakse seg fram til ei bok etter kvart. Ei bok på 274 sider.

-Men utan at døtrene mine hadde kome på banen, hadde det nok ikkje blitt nokon bok, meiner Gloppen, og fortel at Aud har teke seg av designen mens Signe har teke korrekturen og kome med gode idear undervegs.