Nynorsk ungdomsbok med handling frå Fitjar

"Draumen om Hallgjerd", skrive av Berit Vatne Vik, er ein historisk ungdomsroman med handling frå vikingtida.

Vatne er fødd i Seim i Nordhordland i 1933, og debuterte som forfattar i 1999 med den første boka i serien om Gudrød-sønene på Fitjar: "Leirfuglen".  "Draumen om Hallgjerd" er den 4. boka i denne serien. 

Hovudpersonen, 13 år gamle Torarin Gudrødson, kjem frå Fitjar. Torarin er den oppdikta soneson til Eirik Blodøks, han bur på Kongsgarden og har ein morfar på Skumsnes. Handlinga tek til på Landafjellet med utsyn over Fitjar. Seinare legg Torarin ut på ei spennande og farefull reise som ender ved Bodensjøen i Sveits.

Boka er spennande, gjev innsikt i livet på 900-talet og geografien i Europa. Det vert heile tida referert til geografiske stader og til faktiske historiske hendingar. Dei som er kjende på Fitjar vil kjenna seg igjen, og ein vil og få kjennskap til, eller kjenna att den lokale historia frå Fitjar. Boka er krydra med mykjel spenning, nokre religionskonfliktar og litt kjærleik.

Sjølv om boka er ein del av ein serie, går det greit å lesa boka utan å ha lese dei andre på førehand.

Samlaget seier at boka passar for aldersgruppa 13+. Boka er kort, lettlest og lett forståeleg, og vil truleg passa for dei som er litt yngre enn dette og. Vikingtida er pensum i historie i storskulen og denne kunnskapen vil truleg vera ein fordel når ein skal lesa boka. For dei som kan litt om dette frå før og som har interesse for historie vil denne boka både vera interessant, spennande og lærerik.