Vakre dikt og lyrisk prosa

Reidun Fjereide Algrøy, som bur på vestsida av Sotra, har bøker i sal på Fitjar. Bøker med skildringar om det vakre i kvardagen - og jakta etter det gode liv.

Bøkene som er å få kjøpt både hos Theo og på Videoen er:

"Mellom menneske" (Dikt med eit par innslag av prosa)
"Ospesong" (Dikt) og
"Trollspeglar" (lyrisk prosa)

Best likar me dei to første, og her er det verkeleg mange perler. Fjereide lever tett innpå både naturen og menneskelivet, og har i si hand eit herleg språk som gjer at stofene får både kraft og nerve. Dikt som kan nyttast til opplesing i svært mange samanhengar.

I Trollspeglar leikar ho seg med språket, og det er mykje vakkert å finna, ikkje minst i hennar språklege uttrykk, skildringar og vendingar. Me følgjer ein vandrar på ferda hans i natur og sinn, men vandringa blir noko endelaus, noko som vert forsterka ved at denne boka, i lyrisk prosa, ikkje har kapittelinndeling.