Barnebok med alvorleg tema

"Da pappaen til Johanne hadde kreft" er ei barnebok som handlar om Johanne på 2 år som opplever at faren får kreft. Historia er frå verkelegheita og me følgjer vesle Johanne frå foreldra får beskjeden om at faren har kreft, og gjennom heile behandlinga.  Me får møta Johanne saman med familien hennar, heime, på sjukehuset saman med mamma og pappa, i barnehagen og ute. Boka er lite forklarande om kva sjukdomen er, men handlar om behandlinga og reaksjonar hos den sjuke, hos vaksne pårørande og ikkje minst hos ungar som pårørande.

Forfattaren av boka Anne Marie Handeland er mamma til Johanne og gift med  Svein Kåre Handeland som fekk kreft. Familien Handeland bur i Stavanger og boka er gitt ut i regi av Kreftomsorg Rogland.

Boka nyttar forholdsvis få ord, men har store bilete og klare fargar. Bileta i boka er fotografi av Johanne sine opplevingar. Temaet er svært alvorleg, men dette er ikkje ei trist bok, men ei ærleg bok.

Boka er delt inn i tre deler. Dei første 43 sidene handlar om Johanne og familien hennar. Den delen passar som høgtlesingsbok for ungar frå ca 2 års aldereren og oppover. Denne delen kjem inn på mange ulike tema og er med sine bilder og ord eit godt utgangspunkt for samtale rundt eigne opplevingar, for dei som er i ein liknande situasjon eller som kjenner nokon som er i ein liknande situasjon.

Så kjem det ei side for dei vaksne der Handeland forklarer bakgrunnen for å skrive boka, at den er meint som eit utgangspunkt for å snakke om kreft med barna.

Til slutt kjem nokre sider skrivne av kreftsjukepleiar Ragnhild Stangeland med råd til dei vaksne og litt om vanlege reaksjonar hos barn når sjukdommen rammer. Nyttig lesing for dei som står oppe i ein slik situasjon eller som omgås nokon som opplever dette.

Heilt til slutt er det plass til å lima inn eigne bilete og teikningar.

Dette er nok først og fremst ei bok for ungar som opplever at nokon dei kjenner vert kreftsjuke eller alvorleg sjuke på ein annan måte, og for foreldra deira.  For dei vil boka hjelpa dei å forstå det som skjer og det vil kanskje gjera det lettare for dei å snakka om det som skjer. Men boka vil og vera nyttig for andre som skal samtale med, eller vere saman med, nokon som står mitt oppi ein slik situasjon.