Nydeleg bok om fantastiske kunstnarar

BOK: «Birkebeinarane med kongssonen, kong Sverre i Vossefjella, glade munkar og morosame nissar. Du har sett måleria, men veit kanskje ikkje kven som har laga dei. Svaret er Bergslien, med fornamn Knud eller Nils. Ei ny bok frå Selja Forlag fortel historia om dei to folkekjære Bergslien-målarane frå Voss, som skildra norsk folkeliv og bygdekultur som ingen andre på siste halvdel av 1800-talet.

- Eg har heilt sidan barndomen vore fascinert av Bergslien-måleria. Sidan har eg jakta på bilete. Dei fortener så absolutt ei bok, der det viktigaste av kunsten deira er vist fram, seier forfattar Thor Warberg.

Både Knud Bergslien (1827-1908) og nevøen Nils Bergslien (1853-1928) kjende det gamle norske bondesamfunnet frå innsida. Dei hadde auge for livfulle detaljar ved både folk og situasjonar, og let vestlandsnatur, historiske hendingar og folkeliv fløyma utover lerretet. Den frie, norske bonden og storfelt natur var sentrale motiv. Begge var også framifrå portrettmålarar. Nils Bergslien var i tillegg ein særmerkt humorisk og karikaturmålar. Ingen har måla munkar og norske nissar som Nils Bergslien.

Knud utdanna seg i Düsseldorf og dreiv målarskule i Kristiania (Oslo), der han budde mesteparten av livet. Nils utdanna seg i München og budde i Eidfjord i Hardanger, der det i dag er eit stort galleri med kunsten hans. Boka om dei to kunstnarane er rikt illustrert og har også engelsk tekst.», heiter det i «Vaskesetelen» for boka. Ei bok me har gledd oss over å både bla i, og lesa i.

Historia til kunstnarane er spennande, og bileta utruleg vakre når dei skildrar romatikken, og talande, når dei er i realismen si ånd.

Fin gåvebok.

---

Fleire bokmeldingar finn du her