Fjellheim Friluftsbarnehage

Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnader på småbruket Fjellheim med nærliggjande turterreng og gardsdrift på Aarbø i Fitjar kommune.

 

Ekteparet Anne Karin Nilsen og Jørund Fjøsne eig småbruket. Anne Karin er utdanna førskulelærar og styrar i barnehagen som i dag vert driven i tre av dei 5 husa på småbruket.

Me starta opp med Familiebarnehage barnehage med plass til 5 barn 1.august 1995. I 1996 utvida me gruppa til 10 barn, me hadde i denne perioden midlertidig godkjenning av brakker som areal. I 1997 utvida me då me bygde nytt bustadhus og starta opp med Fjellheim Friluftsbarnehage med ein avdeling på 22 plassar i det gamle bustadhuset.

Hausten 2007 innreia me og bygde om to eksisterande bygg til ny avdeling med plass til 23 barn.

Oktober 2008 fekk me godkjent ytterlegare areal og barnehagen vart godkjent for til saman 52 barn med eit samla areal på 210 kvadratmeter.

Alle bygga me har i bruk til barnehagen er som vanlege bustadhus. Dette er eit bevisst val for å bevare den ”heimekoselege” stilen og for seinare å eventuelt å kunna nytta husa som bustadhus.

http:/www.fjellheimfriluftsbhg.barnehageside.no