Fitjarstølane barnehage

Fitjarstølane barnehage
er den einaste kommunale barnehagen i Fitjar. Den vart oppretta i 1984(med nytt bygg i 1988), og ligg i nordlige enden av Fitjarstølane bustadfelt.  Barnehagen har 2 avdelingar med plassar for born frå 0-6 år. Ein småbarnsavdeling med plass til 9 born under 3 år og ein avdeling med plass til 26 born over 3 år.  Har 8 tilsette: 4 førskulelærarar, 2 barne og ungdomsarbeidarar og 2 assistentar. Opningstida er frå 06.45 til 16.45

Barnehagen sin visjon er at borna skal få ein meiningsfull og minnerik barndom og som pedagogisk plattform har me basiskompetansen som er språk og sosialt samspel.  Difor er satsingsområdet vårt språk og kommunikasjon. Me vil skape eit språkstimulerande miljø for alle born og oppmuntre til å lytte, samtale, leike med lyd, rim og rytme og fabulere med hjelp av språk og song.

Eit anna satsingsområde er naturen. I og med at me held til så nært skog og fjell er det naturleg at me i stor grad nyttar oss av det. Ynskjer at borna skal ha meir fysisk utfolding og at dei skal lære å bli glade i og ta vare på naturen rundt oss.

Kontaktperson:  styrar Gro Sandvik
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.