annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Onsdag 08. februar 2012
Vinnar i Elite-klassen vart Torpedo, som består av Helge Træet, Kjell Træet, Åsmund Sørfonn, Oddgeir Træet, Stian Hatlevik, Ketil Fykse, Kjell Magne Halleråker og Rune Brakedal (ikkje til stades på biletet). Maskot og pokalhalder er Emil Sørfonn.
Vinnar i Elite-klassen vart Torpedo, som består av Helge Træet, Kjell Træet, Åsmund Sørfonn, Oddgeir Træet, Stian Hatlevik, Ketil Fykse, Kjell Magne Halleråker og Rune Brakedal (ikkje til stades på biletet). Maskot og pokalhalder er Emil Sørfonn.
Vinnar i Elite-klassen vart Torpedo, som består av Helge Træet, Kjell Træet, Åsmund Sørfonn, Oddgeir Træet, Stian Hatlevik, Ketil Fykse, Kjell Magne Halleråker og Rune Brakedal (ikkje til stades på biletet). Maskot og pokalhalder er Emil Sørfonn.

Torpedo var dei beste av dei beste

Laurdag ettermiddag var det finalekampar etter eit langt døgn med fotballcup i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Helga Rimmereid Publisert: søndag 14. februar 2010
  • Karen Elisabet Rydland Sæbø pÃ¥ Karen Elisabet Rydland Sæbø pÃ¥
  • Mange gode skudd og mange harde og  høge skudd i dame-finalen, men kvar vart det av ballen? Mange gode skudd og mange harde og høge skudd i dame-finalen, men kvar vart det av ballen?
  • Elin Kvia stod sikkert i mÃ¥l for Elin Kvia stod sikkert i mÃ¥l for
  • Ei heil helg med fotballkampar slit pÃ¥ utstyret... Ei heil helg med fotballkampar slit pÃ¥ utstyret...
  • Kjetil Fykse lurer ballen i mÃ¥l i straffekonkurransen. Kjetil Fykse lurer ballen i mÃ¥l i straffekonkurransen.
  • Med denne redninga av keeper Oddgeir Træet var Torpedo sin siger sikra. Med denne redninga av keeper Oddgeir Træet var Torpedo sin siger sikra.

Den innandørs fotballcupen Wärtsilä- cup starta fredag kveld, og etter 15 timar med fotballkampar var det laurdag ettermiddag klart for semifinalar, bronsefinalar og finalar.

Den første finalekampen var i open klasse og gjekk mellom Blue Oyster boys og Jokers . Ein jevn kamp der Bue Oyster Boys gjekk av med sigeren etter at dei fekk sitt siste avgjerande mål 22 sekund før kampen var slutt.

Damefinalen gjekk mellom På glid og Nest Sotra. Ein kamp med mange målsjansar og gode skudd, men gode redningar frå keeperane sørgde for måltørke gjennom heile kampen. Spesielt Elin Kvia på "På glid" fekk mange gode skudd mot seg, men redda alt som kom i hennar veg. Det vart 5 minutt ekstra-omgang, og i siste minutt der fekk Sotra mål på eit treffsikkert langskudd og dei kunne med det feira sigeren i dame-klassen.

Så langt hadde alle finalekampane vore svært jevne, og den siste finalenkampen som gjekk i Elite-klassen vart endå meir spennande. Her skulle dei gjevaste av dei gjeve konkurrera, og kampen stod mellom Torpedo og Wickmann Motorfabrikk. Torpedoane hadde overtaket i starten av kampen, og scora heile to gongar i løpet av dei første to minutta.  Oddgeir Træet som skulle forsvara Torpedo-målet redda gong på gong, men så i dei to siste minutta tok det til å skje ting. Wickmann hadde to raske scoringar heilt mot slutten, og med det tok spenninga seg opp. Kampen enda med speleforlenging, og det var amper og engasjert steming både på banen og på tribunen. Det var  mange gode skudd begge vegar, men ingen gjekk i mål og det måtte straffespark-konkuranse til for å avgjera kampen.  3 straffar kvar. Det enda 2-2. Så var det over på ein og ein straffe om gongen. Først ute var Ketil Fykse for Torpedo. Han lurer keeper og triller ballen inn i høgre hjørna. Spenninga stig. Det er Wickmann sin tur, og Oddgeir står klar til å forsvara målet. Han står stødig og sender ballen ut igjen, og med det kan sigersgleda bryta ut hos Torpedo. Dei mottek folket sin hyllest, gullmedaljar og pokal. Og Rolf Solli og Heine Storevik som Fitjarposten traff på cupen fredag kveld er på plass for å gratulera trenaren sin, Kjell Træet, med sigeren.

Og me kan alle gratulera arrangørane med eit godt gjennomført arrangement!

Blue Oyster Boys som består av Martin Nysæther, Åsmund Sørfonn, Frode Brakedal, Vikctor Aga, Kjell Magne Halleråker, Per Helge Lillefosse og Lars Martin Volden vann Open klasse
Blue Oyster Boys som består av Martin Nysæther, Åsmund Sørfonn, Frode Brakedal, Vikctor Aga, Kjell Magne Halleråker, Per Helge Lillefosse og Lars Martin Volden vann Open klasse

Nest Sotra stakk av med sigeren i dame-klassen.
Nest Sotra stakk av med sigeren i dame-klassen.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6126.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Høgmesse i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
Bygdekino - Fitjar Kultur- og Idrettsbygg søndag 12. februar
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!
Mammutsalg 2012 - www.haugenbok.no