annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012
Vilde R. Kjelling, Benedikte Nesbø og Marie M. Oma likar seg godt på bordtennistreningane.
Vilde R. Kjelling, Benedikte Nesbø og Marie M. Oma likar seg godt på bordtennistreningane.
Vilde R. Kjelling, Benedikte Nesbø og Marie M. Oma likar seg godt på bordtennistreningane.

Eksklusiv bordtennisgruppe

Kvar fredag mellom klokka 16.30 og 17.30 samles ein gjeng ungar og ungdomar seg til bordtennistrening i gymnastikksalen på Rimbareid skule. 

Helga Rimmereid Publisert: fredag 12. februar 2010
  • June  Rimmereid ser pÃ¥ medan Benedikte Nesbø spelar mot trenar Hilde Kristin Gjørven. June Rimmereid ser pÃ¥ medan Benedikte Nesbø spelar mot trenar Hilde Kristin Gjørven.
  • June Rimmereid har god kontroll pÃ¥ slaga sine. June Rimmereid har god kontroll pÃ¥ slaga sine.
  • Marie M.Oma øver seg pÃ¥ presisjonslag, som er ein øvingane i merketakinga. Marie M.Oma øver seg pÃ¥ presisjonslag, som er ein øvingane i merketakinga.
  • Vilde Raunholm Kjellig syner stolt fram bronse- og sølvmerket ho har klart. Vilde Raunholm Kjellig syner stolt fram bronse- og sølvmerket ho har klart.

Dette er ein kjekk måte å avslutte veka på, meiner både ungane og trenarane Marianne Underhaug og Hilde Kristin Gjørven. Dei er ikkje så mange, men før jul var dei oppe i 12-13 stykker på kvar trening og det var helst i meste laget. Dei har kun to bordtennisbord, så blir ein mange vert det fort litt mykje venting. Det er eigentleg mykje bedre i dag når dei er kun 4 jenter på trening. Då får dei spelt mykje, alle saman.

Det er no ikkje berre bordtennis dei held på med. Dei har gjerne litt ballspel, staffettar og anna og. Nokre ungar som ikkje finn seg til rettes med fotball eller handball har funne sin plass her.

Det er dessverre ikkje så mange gutar med. Av ein eller annan grunn forsvann dei fleste av dei til jul, seier leiaren med eit lett sukk.

I dag er det som sagt berre 4 jenter som stiller på trening, to frå 5. klasse og to frå 6. klasse. Det er mykje sjukdom ute og går, og 8. klassingane har berre så vidt kome seg heim frå leirskulen på Voss, så i dag venta me ikkje fleire folk enn dette, fortel leiar Hilde Kristin Gjørven. Men så vert det berre endå betre trening og veileding på dei som er på plass. I ettermiddag held dei på med å ta merker. Som mange andre idrettar har og bordtennisen sine merker, teknikkmerke i bronse, sølv og gull. Her skal ein beherska øvingar i jonglering, presisjon, kontroll, serve, spel, tempo og skru. Før bordtennisspelarane tar helg kan Vilde R. Kjelling stolt smykka seg med både bronse og sølvmerket. Dei andre kom og langt på veg mot merke, men det er fleire øvingar ein skal gjennom, og øvingane krev mykje trening, så dette må dei ha endå meir tid på.

Ungane stormar vidare når dei er ferdige, og Hilde står igjen åleine for å rydda. På spørsmål om ho treng hjelp skryt ho over dei to flotte nye bordtennisborda dei fekk for nokre år sidan. Dei er så lette, kan delast i to og går på jul, så dei kan lett flyttast på av ein person. Så vert dei stua vekk ei vekes tid før dei vert trilla fram neste fredag igjen, viss dei då ikkje bestemmer seg for å ta tidleg vinterferie...

Bordtenninsgruppa er organisert saman med badmingtongruppa, og høyrer til i Fitjar idrettslag.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
3687.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!