annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012
Skogkonsulent Ole Kristian Trondsen i Fitjar kommune gler seg til å få betre utsikt frå Rimsvarden. Foto: Kjetil Rydland.
Skogkonsulent Ole Kristian Trondsen i Fitjar kommune gler seg til å få betre utsikt frå Rimsvarden. Foto: Kjetil Rydland.
Skogkonsulent Ole Kristian Trondsen i Fitjar kommune gler seg til å få betre utsikt frå Rimsvarden. Foto: Kjetil Rydland.

Fjernar sitkagran frå Rimsvarden

Fredag morgon starta arbeidet med å fjerna sitkagrana som har dekt Rimsvarden i mange år.

Kjetil Rydland Publisert: fredag 22. januar 2010

I 1997 blei den store gravrøysa kåra til Fitjar kommune sitt kulturminne i ei avrøysting blant innbyggjarane i bygda. Rimsvarden er ei imponerande gravrøys frå eldre bronsealder, med ei høgd på 2-4 meter og diameter opp mot 30 meter. Ho ligg sentralt til, rett ovanfor Rimbareid barne- og ungdomsskule, og har vore ein godt synleg stad med storslagen utsikt. Etter kvart har det vakse til mykje vegetasjon - hovudsakeleg sitkagran - som har sperra for utsynet. Men no vil Rimsvarden bli gjort tilgjengeleg for ålmenta. Fitjar Meieri har fått arbeidet med å fjerna ein del sitkagran som dekkjer gravrøysa. Dei går i gang i dag, og Odd Bondevik reknar med å få bort grantømmer og annan vegetasjon i løpet av få dagar dersom det gode skogaveret held seg. Det aller meste av tømmeret vil nok gå til slip, fortel skogkonsulent Ole Kristian Trondsen i Fitjar kommune.

I skjøtselsplanen frå fylkeskonservatoren i Hordaland heiter det bl.a.: "Målet med planen er å gjenoppretta denne tilknytinga til lokalsamfunnet og betra tryggleiken til kulturminnet gjennom vegetasjonspleie og tilrettelegging. Kulturminnet skal framstå som synleg og markant, og skal vera visuelt tilgjengeleg for lokalsamfunnet."

Arbeidet med skjøtselsplanen har blitt initiert av ei arbeidsgruppe oppnemnd av formannskapet i Fitjar. I denne sit Atle Tornes og Elise Aarbø frå kommuneadministrasjonen, Wenche Tislevoll frå formannskapet, Knut Inge Isdahl frå grunneigarane og Karvel Strømme frå Håkonarspelet. Denne gruppa skal sjå til at skjøtselsplanen blir følgd, og ha ansvar for framdrifta av prosjektet. Stien vil bli utbetra, og informasjonsskilt kjem opp nede ved bilvegen og oppe ved sjølve gravrøysa. På toppen - rett framfor gravrøysa - vil det og bli sett opp bord og benker.

Torsdag 6. mai - midt i den historiske veka til Fitjar kommune - kjem folk frå fylkeskonservatoren i Hordaland. Dei blir med på snorklipping, offisiell opning av kulturminnet, fortel Elise Aarbø i Fitjar kommune.

Odd Bondevik har fått med seg Håvard Selvåg og Sverre Sæterbø. Skogkonsulent Ole Kristian Trondsen fortel at Fitjar kommune overtar tømmeret, og at det truleg går til slip. Foto: Kjetil Rydland.
Odd Bondevik har fått med seg Håvard Selvåg og Sverre Sæterbø. Skogkonsulent Ole Kristian Trondsen fortel at Fitjar kommune overtar tømmeret, og at det truleg går til slip. Foto: Kjetil Rydland.

Så fin - minst - blir utsikta frå Rimsvarden når sitkagrana er fjerna. Foto: Kjetil Rydland.
Så fin - minst - blir utsikta frå Rimsvarden når sitkagrana er fjerna. Foto: Kjetil Rydland.

Her ser ein ikkje skogen for berre tre - og heller ikkje kulturminnet til Fitjar kommune. Foto: Kjetil Rydland.
Her ser ein ikkje skogen for berre tre - og heller ikkje kulturminnet til Fitjar kommune. Foto: Kjetil Rydland.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
1477.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!