annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Onsdag 08. september 2010

Ansvarsfråskriving frå Fitjar Høgre

Orda tilhøyrer Ap-politikar Agnar Aarskog som kjem med kommentar til høgre sitt politiske utspel som vart referert på fitjarposten.no nyleg. Lesarbrevet til Aarskog kan du lesa nedanfor.

HÃ¥kon Carl Hartvedt Publisert: mandag 14. desember 2009

Høgre legg fram eit alternativ budsjett med eigedomsskatt som dei har vore i mot heile tida, men no er Høgre komen til at ein må ha eigedomsskatt i Fitjar for å få budsjettet til å gå i hop for 2010.  (sjølv om dei hevdar noko anna tidlegare)

Dei vil no redusere administrasjonen, men kvar gong det i 2009 har vore oppe saker om utviding av administrasjonen (noko ein har gjort 2 gongar i 2009) har Høgre stemt for å auka administrasjonen.  Dobbel kommunikasjon kallar me da, dette bør innbyggjarane i Fitjar merka seg.  AP stemte imot begge desse utvidingane og ville sjå dette i samband med budsjetta.  (Ap ville ikkje bruka eigedomsskatt til stillingar i administrasjonen) 
Høgre seier dei vil oppretta 2-3 nye sjukeheimplassar, men dei skriv samstundes at kvar plass kostar kr 892.000,-.  Summen dei legg inn til 2-3 plassar er kr 500.000,-, dette heng ikkje saman.  (kanskje dei får ein halv plass).
Dei skriv også at AP på 8 år ikkje fekk oppretta sjukeheimplassar, kva argumentasjon er dette.  Behovet har auka og ein må ta med seg at ein fekk oppretta 12 nye omsorgsbustader i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.  Gjennom dagens regjeringa (AP, SP og SV) har ein i Fitjar gradvis fått betre økonomi. 

Høgre sine nedskjeringane vil gå ut over nokon, kven?

Høgre seier ikkje noko om kva dei vil skjera ned på, dersom ein ser bort frå kutta i administrasjonen (noko dei i år har vore med å auka med 2 stillingar) og vedlikehald.  Eg reknar med at det ligg inne andre kutt som dei ikkje vil gå ut med som mest truleg gjev innbyggjarane i Fitjar dårlegare tenester.

Høgre som samarbeider med Krf, V og Frp om styringa i Fitjar kommune tek ikkje ansvar for politikken og latar som om dei er i opposisjon i Fitjar politikken, men det er bare når det passar dei.  Høgre som eg reknar som eit ansvarleg parti bør no ta ansvar for det som skjer i Fitjar politikken, med m.a. varaordførar og leiar i Utval for plan og miljø og ikkje skyva ansvaret over på oss som ikkje er med i dei leiande posisjonar i Fitjar politikken.  Høgre har vore med i fleirtalskoalisjon dei siste 10 åra og får stå inne for den politikk som er/vert ført.

Ta ansvar.

Ha ein god budsjettdebatt og ei god jul og eit godt nyttår til alle innbyggjarane i Fitjar.

Med venleg helsing
Agnar Aarskog
Gruppeleiar Fitjar AP

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Norgeshus - Torvund & Tislevoll - FITJAR - www.tomrarane.no
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Menigheten Fyrlykta - en Oase av Guds kjærlighet og nåde!
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Byggmarkedet - www.byggmarkede.no
Koløens Gardsferie - Ledige feriehus for utleige - Kortids- og langtidsleige - Ring 464 02 259 - Fitjar
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Kysten Rundt - Sandvikvåg - Fitjar
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Blomaståvo - blomar finn du hos oss!
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6107.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
HÃ¥par du at det vert Fitjarfestival i 2011?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
Fitjar Sommarguide 2010
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt Vevansvarleg: Helge-Mikal Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 492 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2010 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Lyst å vita meir om Fitjar - www.komtilfitjar.no
Fitjarposten på Facebook