annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012

Svingande fløytespel

3. og 4. klasse ved Øvrebygda skule får fløyteundervising av  kulturskulerektor og fløytelærar Anne Lene Ø. Jordåen.

Helga Rimmereid Publisert: fredag 16. oktober 2009
  • Oppvarming. Oppvarming.
  • Nye fløytelevar: Øyvind Rydland (3.kl.), Andreas SkÃ¥levik Koløen (4.kl.), Linn Merete Bod Nes (3.kl.), Malene Alsaker (3.kl.) og Jonas Moldskred (3.kl.) Nye fløytelevar: Øyvind Rydland (3.kl.), Andreas SkÃ¥levik Koløen (4.kl.), Linn Merete Bod Nes (3.kl.), Malene Alsaker (3.kl.) og Jonas Moldskred (3.kl.)
  • Anne Lene Ø. JordÃ¥en øver inn ein ny song med fløyteelevane. Anne Lene Ø. JordÃ¥en øver inn ein ny song med fløyteelevane.
  • Malene Alsaker i 3. klasse er allereie ein flink fløytespelar. Malene Alsaker i 3. klasse er allereie ein flink fløytespelar.
  • 3. og 4. klasse spelar saman, utan notar. 3. og 4. klasse spelar saman, utan notar.
  • Øyvind Rydland var flinkt til Ã¥ fÃ¥ lyd i fløyta. Øyvind Rydland var flinkt til Ã¥ fÃ¥ lyd i fløyta.

Ved Øvrebygda skule driv dei eit spennande musikkprosjekt i samarbeid med Fitjar kulturskule. Fløytelærar og kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen har ein liten stilling ved Øvrebygda skule og kjem dit annakvar fredag for å ha musikk- og fløyteundervising med elevar der. Mange elevar andre stader får blokkfløyte når dei skal læra seg å spela eit instrument, men her ved Øvrebygda skule får dei kvar si mini-tverrfløyte ("blokk-tverrfløyte").

Prosjektet starta allereie i fjor, då Anne Lene hadde fløyteundervising med 3. klasse. Mange hugsar nok fløyte-elevane frå Øvrebygda frå vårkonserten til kulturskulen sist vår. I år er det nye tredjeklassingar som får fløyte-undervising, og etter kvart skal både 3.- 4. klasse vera saman i desse timane, slik at dei som starta opp i fjor får læra endå  meir.

Fire 3.-klassingar og ein 4. klassing er klar for fløyteundervising tidleg på morgonen. Det ringjer inn til 1. time og elevane er raskt på plass. "Reis deg...fløyta i veret og nasa i sky", syng dei saman med Anne Lene og svingar på fløytene.  Etter ei kort oppvarming er dei klar for å spela. "Alt kan bli til musikk", spelar dei med stor innleving. Det vert flott svingande musikk av det. Denne songen gjekk på alle dei tonane dei har lært så langt: G, A, H, og C. Ny tone skal lærast. "Den er sånn den", seier ein av elevane som har tjuvkikka litt i boka, medan han viser kor mange hol som skal dekkast. Dette krev full konsentrasjon. Fingrane må treffa alle dei rette hola og hola må dekkast heilt, så her må ein passa på flate fingrar. Så skal ein blåsa. Det er ikkje alltid heilt lett å få lufta rett ned i holet. "Høyrde du den du, den var bra!" "Der har du han!" Anne-Lene går rundt og rettleier og oppmuntrar til alle har den nye tonen på plass. Så er det bort til tavla for å plassera den nye noten på notelinja. "Eg kan mørk C og eg", kjem det får ein." "Luring, " svarer Anne Lene og er tydleg stolt over elevane sine.

Det tid for å slå opp notestativ. "Kos var dette her.." " Beina ut først."  "Sjå der var han." Det er tydeleg at dei har gjort dette før, for dette gjekk som ein leik. "Me har fått ei ny sida og ein ny song", kjem det gledesstrålande frå elevane.

Palett heiter songen, og den tek til med ein.... Her må dei rekna litt på notelinjene før dei kjem fram til at det er ein h. Først syng dei gjennom melodien med notenamna, så er dei klar til å spela. Anne Lene vekslar på å dirigera, spela på fløyte og å akkompagnera på piano. "No er det så  mykje spytt i fløyta at eg greier nesten ikkje å spela" seier ei av jentene. "Då må du berre dunka det ut," svare Anne Lene, "berre pass på å ikkje dunk  det ut på kvarandre".

Då dei kjem til ballongsongen duger ikkje Ann Lene sitt pianospel lenger, no set dei på fult komp på cd-spelaren. Det blir som eit heilt orkester.

Etter ei god øvingsøkt med kun dei nye fløyte-elevane kjem dei 4. klassingane som lærde seg dette i fjor og inn. Litt variasjon med rytmetrening og Lappado-dans og så er dei klar for fløytene igjen. Dei har notestativ framfor seg, men svært mykje av det dei spelar kan dei utanåt. Imponerande. 4. klasse tar ein av dei vanskelege songane dei kan. Eg er nok ein gong imponert. Så set Anne Lene seg til pianoet og alle spelar Palett ilag, før dei avsluttar med strekkesongen. Det var ei lydhøyr forsamling, i alle fall med "journalist" på besøk. Dei var veldig flinke til  å spela og minst lika flinke til å syngja. Med andre ord:  ein musikkglad og musikalsk gjeng.

Me får nokre ord med Malene i 3. klasse og Kristian i 4. klasse før dei skal vidare for å ha matematikk. Dei syns det er fint at dei får læra å spela på fløyta, men det er ganske vanskeleg, og endå vanskelegare er det å prøva å forklara korleis dei får lyd. Dei må berre blåsa ned i hålet på ein bestemt måte, og så må dei halda på holena, så blir det ulike tonar. Dekkar dei til få hål vert tonane lyse, dekkar dei til mange hol vert tonane mørke. Mamma klarer det i alle fall ikkje, forklarer ein av dei. Kristian var med å spelte i Kulturhuset i vår. Det var kjekt, og dei likar å få skryt for spelinga si. At dei er spesielle som får tverrfløyteundervising tenkjer dei ikkje over, for dei er dette det normale. På spørsmål om læraren er streng bere ler dei, seier takk for i dag og spør om dei kan få ta med fløyta heim. Det dei ikkje visste før no, det er at fløytene er deira til odel og eige. Det var derfor det stod namn på dei. Det var overraskande. Tenk, dei har fått si eiga tverrfløyte. Si eiga tverrfløyte som dei kan spela flott, svingande musikk på.

Lukke til vidare med fløytespelet!

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6150.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!