annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012
Høgre, Frp, Krf, Sp, Sv og Ap stilte med stand utanfor Larsenbygget i dag føremiddag.
Høgre, Frp, Krf, Sp, Sv og Ap stilte med stand utanfor Larsenbygget i dag føremiddag.
Høgre, Frp, Krf, Sp, Sv og Ap stilte med stand utanfor Larsenbygget i dag føremiddag.

Siste innspurt før valet

I dag føremiddag stilte lokale politikarar opp og gjorde ein siste valkampinnsats for moderpartia i forkant av stortingsvalet 2009.

Helga Rimmereid Publisert: lørdag 12. september 2009
Stortingsvalet 2009

Måndag 14. september

Veljarane vert oppmoda om å røysta i den krinsen dei er  manntalsførde (sjå valkortet). Hugs leigitimasjon.

Opningstider:

Hageberg skule (Hageberg krins): 09.00-12.00 og 16.00-20.00

Osternes skule (Osternes krins): 09.00-12.00 og 16.00-20.00

Fitjartun (Rimbareid krins -sentrum): 09.00-20.00

Øvrebygda skule (Øvrebygda krins): 09.00-20.00

Sælevik skule (Sælevik krins -Dåfjorden): 09.00-12.00 og 16.00-20.00

Kyrkjevalet 2009

Det skal veljast 8 faste representantar og 5 vararepresentanter til Fitjar sokneråd.

Det skal og veljast 3 leke medlemmer til bispedømerådet og kyrkjemøtet.

Vallokaler og opningstider for kyrkjevalet er dei same som for stortingsvalet.

  • Regnfull valkamp. Regnfull valkamp.
  • Torunn Aarskog frÃ¥ Krf og Gunn Marit Søreide frÃ¥ Ap i samtale med Benthe Melena Tranøy. Torunn Aarskog frÃ¥ Krf og Gunn Marit Søreide frÃ¥ Ap i samtale med Benthe Melena Tranøy.

No er det kun to dagar att til valet, og det var siste gong i denne omgang at det var partistandar i sentrum. I dag var det lokale politikarar som stilte opp for moderpartia. Både Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk venstreparti og Arbeidarpartiet var på plass. Det var regnfult og tungt ver, og ikkje så  mykje folk å sjå, men nokre stoppa opp for å ta ein prat med politikarane. Det var flest av dei godt vaksne og dei i den eldre garde, og mange hadde allereie si klare meining om kva dei skulle stemma.

Politikarane prøvde likevel å lokka folk til seg med alt frå ballongar, drops, slikkepinnar, roser, lighterar, vaflar osv. Og innmellom dukka det opp nokon som ikkje hadde bestemt seg endå, og som gjekk frå stand til stand for å samla informasjon, og då aller helst kort og konsis informasjon. Då stod politikarane parat til å leggja fram sitt partiprogram og sjølvsagt argumentera for deira politikk.

Om dei ulike partia sanka så mange stemmer akkurat i dag er ikkje godt å seia, men dei fekk iallefall markert seg, og dei kom i snakk med folk. Det var litt prat om politikk, litt vanleg bygdeprat og ein del humoristiske historiar, slik det plar vera når fitjarfolk møtes.

Nokre få har mista all tru på alle politikarane og vil ikkje ha noko med dei eller lokkemidla deira å gjera, men dei fleste seier dei er engasjert, at det er viktig å vera angasjert og at dei sjølvsagt skal nytta si stemme på måndag.

Nytt av året er at samstundes med stortingsvalet vert det og soknerådsval og val av bispedømeråd. Alle som er medlem i statskyrkja kan stemma her og valet føregår i same lokaler og til same tid som stortingsvalet.

Me minner om opningstidene for dei ulike vallokala og ynskjer alle lukke til med valet!

Meir informasjon om dei ulike vala kan ein finna på:

http://www.fitjar.kommune.no/stortingsvalet-2009/stortingsval-2009/

http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/kampanjer/valg.html?id=456491

http://www.kirken.no/bjorgvin/tekstsider.cfm?id=244068

http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=85802

 

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
6185.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!