annonse Lyst å vita meir om Fitjar? - www.komtilfitjar.no
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag
Torsdag 11. mars 2010
annonse
Cafe Annemor
Varme & Bad - Hatlevik Rør
DUO - Frisør - Fitjar - bestill time på www.ledigtime.no
Bensinstasjonen - Fitjar
FK-Butikken - Fitjar
Fitjar Bedehus
Vesthaugane hyttegrend på Fitjar
Mestervindu
Engevik og Tislevoll
Spar Fitjar

Terneballett i Havn. Foto: Bjørg Strømme

Terna er her - eit sommareventyr!

Fleire i år enn i fjor.

Bjørg Strømme Publisert: 21.05.09 | Oppdatert: 21.05.09 kl: 01:22

I Havn i Fitjar er det omlag åtte par makrellterner (Sterna hirundo) for tida, mot berre to-tre par i fjor. Før det blei gjort store innhogg med utbygging i naturen langs strandsona i Havn, var det mange fleire terner å sjå her.

Åtte par er ikkje mange, men dei er her! Vi høyrer og ser dei godt med sine kjende ”kriande” skrik, og sine elegante fluktrørsler i lufta rett over hovudet  på oss. Dei er nokre skikkelege luftas akrobatar. Kjem du for nær dei, blir dei endå meir nærgåande, stupar rett i mot deg og svingar vekk. Dei er nokre elegante fascinerande små hissigproppar, som passar seg og sitt.

Når dei skal ta småfisk, står dei stille i lufta, med vibrerande vinger og stjert i nokre sekund, siktar inn byttet sitt og  stupar i sjøen. Det er eit flott syn!

Makrellterna er ein trekkfugl, som for det meste av tida oppheld seg i Sør-Europa. Ho kjem hit i april-mai for å hekka. Ho returnerer  til gode og varme Sør-Europa ein gong i august.

Raudnebbterna (Sterna paradisaea) er ei slektning av makrellterna. Ho har lengst trekk-strekning. Om vinteren held ho til i havområda rundt Antarktis. Det er langt å pendla for ein liten fugl.

I media har ein kunna lesa om sjøfuglanes vanskelege tilhøve langs norskekysten. Livsgrunnlaget deira er ute av balanse. Hardt fiske etter tobis og annan fisk i havet, kombinert med klimaendringane, får alvorlege konsekvensar for alle sjøfuglane våre, og for fuglelivet elles mellom holmar og skjer. Plukking av egg, plyndring frå mink og uro av båttrafikk, er også faktorar som reduserer fuglanes hekke-suksess.

På islandsk heiter terna ”kriu”. Eg syns det passar godt til  fuglen sine ”kriande” skrik.

Saman med den elegante flukta gjer dette terna til eit skikkeleg flott sommar-eventyr!


Et ternepar på steinmoloen i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Ternen gjør vingestrekk. Foto: Bjørg Strømme
Terner på flytebryggen i Havn. Foto: Bjørg Strømme
Tre par terner på berget i Havn. Foto: Bjørg Strømme


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  
annonse
Fitjarposten on Facebook
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt Vevansvarleg: Helge-Mikal Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 492 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
Gåvekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Vilko CMS

©2005-2009 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
6 nøkkelferdige leiligheter i Havn på Fitjar til salgs! For nærmere opplysninger ta kontakt på tlf. 55 60 18 20 eller post@gse-sandvik.com - GSE SANDVIK AS
annonse
Fitjarposten on Facebook