annonse
Banner
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Fredag 10. september 2010

Barnebok med alvorleg tema

Helga Rimmereid Publisert: tirsdag 10. februar 2009
Da pappaen til Johanne hadde kreft

Forfatter: Anne Marie Handeland 

Forlag: Kulturhuset Forlag

Sider: 55

Utgjevingsår: 2009

"Da pappaen til Johanne hadde kreft" er ei barnebok som handlar om Johanne på 2 år som opplever at faren får kreft. Historia er frå verkelegheita og me følgjer vesle Johanne frå foreldra får beskjeden om at faren har kreft, og gjennom heile behandlinga.  Me får møta Johanne saman med familien hennar, heime, på sjukehuset saman med mamma og pappa, i barnehagen og ute. Boka er lite forklarande om kva sjukdomen er, men handlar om behandlinga og reaksjonar hos den sjuke, hos vaksne pårørande og ikkje minst hos ungar som pårørande.

Forfattaren av boka Anne Marie Handeland er mamma til Johanne og gift med  Svein Kåre Handeland som fekk kreft. Familien Handeland bur i Stavanger og boka er gitt ut i regi av Kreftomsorg Rogland.

Boka nyttar forholdsvis få ord, men har store bilete og klare fargar. Bileta i boka er fotografi av Johanne sine opplevingar. Temaet er svært alvorleg, men dette er ikkje ei trist bok, men ei ærleg bok.

Boka er delt inn i tre deler. Dei første 43 sidene handlar om Johanne og familien hennar. Den delen passar som høgtlesingsbok for ungar frå ca 2 års aldereren og oppover. Denne delen kjem inn på mange ulike tema og er med sine bilder og ord eit godt utgangspunkt for samtale rundt eigne opplevingar, for dei som er i ein liknande situasjon eller som kjenner nokon som er i ein liknande situasjon.

Så kjem det ei side for dei vaksne der Handeland forklarer bakgrunnen for å skrive boka, at den er meint som eit utgangspunkt for å snakke om kreft med barna.

Til slutt kjem nokre sider skrivne av kreftsjukepleiar Ragnhild Stangeland med råd til dei vaksne og litt om vanlege reaksjonar hos barn når sjukdommen rammer. Nyttig lesing for dei som står oppe i ein slik situasjon eller som omgås nokon som opplever dette.

Heilt til slutt er det plass til å lima inn eigne bilete og teikningar.

Dette er nok først og fremst ei bok for ungar som opplever at nokon dei kjenner vert kreftsjuke eller alvorleg sjuke på ein annan måte, og for foreldra deira.  For dei vil boka hjelpa dei å forstå det som skjer og det vil kanskje gjera det lettare for dei å snakka om det som skjer. Men boka vil og vera nyttig for andre som skal samtale med, eller vere saman med, nokon som står mitt oppi ein slik situasjon.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Norgeshus - Torvund & Tislevoll - FITJAR - www.tomrarane.no
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Menigheten Fyrlykta - en Oase av Guds kjærlighet og nåde!
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Byggmarkedet - www.byggmarkede.no
Koløens Gardsferie - Ledige feriehus for utleige - Kortids- og langtidsleige - Ring 464 02 259 - Fitjar
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Kysten Rundt - Sandvikvåg - Fitjar
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Blomaståvo - blomar finn du hos oss!
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2123.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
HÃ¥par du at det vert Fitjarfestival i 2011?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
Fitjar Sommarguide 2010
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt Vevansvarleg: Helge-Mikal Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 492 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2010 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Lyst å vita meir om Fitjar - www.komtilfitjar.no
Fitjarposten på Facebook