
Stolte kunstnarar.
Kjekk prosess og spennande resultat
Kunstprosjektet til kulturskulen vart avslutta i dag, og det synlege resultatet var ein spennande papirskulptur.
Papir
Du kan lesa om Jørund Fjøsne og Knut Vaage sitt prosjekt Papir på www.knutvaage.no.
Aslaug Ottestad heiv seg over papiret med det same og fann på ei heilt ny papirbretting.
Silje Helle og Marita E. Nilsen lagar ein kjempe-spå.

Mykje energi og mykje kreativt arbeid.

Jørund Fjøsne hjelper Guro Rimmereid og Marie M.Oma.
Utvelging av kva som kan vera ein del av felles-skulpturen.

John Kevin Sandvik jobbar iherdig.

Helga J. Raunholm lagar små ting til skulpturen.

Kristina Korsvik og Elin Korsvik klipper ut figurar.
Jedrek R. Rutkowski hjelper Jørund med fundamentet til skulpturen.

Snart ferdig...

Asle ser på at kunstnarane rydder.
Les også:Kva har de tenkt om musikken de høyrde i går, spør Jørund Fjøsne innleiingsvis. Fjøsne er busett på Fitjar og kunstnar. Musikken han refererer til er nyskrive samtidsmusikk laga av Knut Vaage frå Sunde i Kvinnherad. Elevane har faktisk tenkt på musikken sidan dei høyrde han for første gong i går. Den er klassisk sa ei, skummel, sa ein anna. Mange syns at musikken var veldig fin, andre syns den var litt fin, og ingen syns den var stygg. Jørund er imponert. Dei har berre høyrt musikken ein gong, og dette er slik musikk ein gjerne må høyra fleire gonger for å lika. Moderne musikk vert gjerne finare og finare for kvar gong ein høyrer den. I motsetnad til populærmusikken som ein vert lei av når ein har høyrt den mange gonger. Ungane var med på det, men få forstod at det går an å bli lei av Abba.
I dag skal me laga papirskulpturen, seier Jørund vidare. Er det nokon av dåke som har tenkt eller sett for dåke noko? Ungane er ivrige. Ein hadde sett for seg eit papirbål med benkar rundt, med papirfolk på. Ei hadde drøymt om det i natt. Ho hadde drøymt om ein papirtjuv. Andre tenkte på bølgjer, slangar, sommarfuglar og hårete edderkoppar laga av papir. Endå villare idear kjem fram: robotar, helikopter, romskip...
Aller først skal dei få leika seg med papir slik dei vil sjølv. Det er tusen ting ein kan gjera med papir, og no skal de berre ha det gøy, seier kunstnaren, og set på musikken. Alle hiv seg over papira. Dei lagar skulpturar, fly, kjempespå, sommarfulgar, hus og mykje meir.
Du må gjerne intervjua oss, ropar Oda og Marie, for me vart sjefar. Det var tid for at skulpturen skulle ta form. Nokon skulle bora hol, nokon skulle klyppa strenger som papirfigurane kunne festast til. Og så var det nokon som skulle vera "sjefar" og velja ut kva som kunne vera med på skulpturen og ikkje. Dei forklarer at figurane ikkje måtte vera for store for då var det vanskeleg å få dei til å henga. Me har hatt det kjempekjekt seier dei vidare. Først leikte me med papiret og laga mange kule ting. Det trong ikkje vera ekte, det kunne gjerne vera noko tull. Me laga kjempemasse, men endå er det nokon som lagar litt meir, og det måtte me og, for det mangla litt små ting til skulpturen. Jørund er snill, seier jenten, og sjefete.
Nokre andre jenter kjem springande og roper på den som har kamera. Vilde og Aslaug har laga ein stor figur, og vil gjerne at det skal takast bilete av den. Først laga me berre eit spøkjelse-hovud, og så blei det berre sånn. Det er ein gut, for han er så veldig høg seier dei og kikkar opp på den 2 meter høge Asle. Figuren har fått namn. Me tok berre starten på namnet til Aslaug og la til ein e, så hadde me eit gutenamn, seier jentene. Jørund likte han veldig godt, poengerer dei, men han var for høg, så han fekk ikkje vera ein del av skulpturen. Men han vart med på utstillinga, og det er me veldig fornøgde med. "Må berre fiksa litt på antenna". "Uff sann, ja, øyra dett av heile tida. Det er litt slitsomt..."
Papirskulpturen er ferdig. Alle små, og den store kunstnaren stiller opp for å forevigast, saman med det flotte kunstverket. Så er det rydding. Ein far stikk hovudet inn av døra for å henta ein av dei unge kunstnarspirene. "Ka i all vero e da di har haldt på med her...?" Kultursalen er full av papir. Men etter nokre få minutt, ved hjelp av mange hender, er heile salen rydda og fin.
"Du kor flinke dåke e' ,og utruleg kjekke!", utbryt Jørund då ungane er på veg ut døra. Alle seier grundig ha det og takk for seg.
Skulpturen skal stillast ut i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg, på platået over døra. Der kan alle som ynskjer det koma å sjå.
På parkeringsplassen står det nokre jenter som ventar på å bli henta. På spørsmål om det har vore kjekt svarer dei med lengsel i stemma: "Håpa da blir te neste år og..."
Kreative papirfigurar laga av elevane som deltok i prosjektet.
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |






































