annonse
Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Sundag 05. februar 2012
Jørund Fjøsne leier prosjektet.
Jørund Fjøsne leier prosjektet.
Jørund Fjøsne leier prosjektet.

Kunstprosjektet er i gang

I ettermiddag starta det spennande prosjektet som vert leia av Jørund Fjøsne. Deltakarar er kulturskuleelevar i 5. og 6. klasse.

Helga Rimmereid Publisert: onsdag 14. januar 2009
  • Elevane har teikna til musikken dei høyrde. Elevane har teikna til musikken dei høyrde.
  • Judit Hageberg, Ingvild Prestbø og Helga J. Raunholm er nokre av dei som er med pÃ¥ prosjektet. Judit Hageberg, Ingvild Prestbø og Helga J. Raunholm er nokre av dei som er med pÃ¥ prosjektet.
  • Oppglødde og slitne etter 2,5 time.... Oppglødde og slitne etter 2,5 time....

Dei elevane som går i 5.-6. klasse og som er elevar i kulturskulen fekk tilbud om å delta på eit kunstprosjekt leia av fitjarkunstnaren Jørund Fjøsne. Vanleg undervising går ut denne veka, og elevane får istaden anledning til å konsentrera seg om andre kunstformer enn musikk.  Elevane får bli kjend med heilt nyskrive musikk og skal ut frå denne laga ein papirskulptur med lys inni. Til slutt skal skulpturen stillast ut i foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

15 kulturskuleelevar møtte opp til prosjektet, og fekk eit spennande møte med fitjarkunstnaren Fjøsne og samtidsmusikk skrive av Knut Vaage frå Sunde i Kvinnerhad. Musikken er svært annleis enn Abba-musikken  som enkelte av elevane poengterte var deira favoritt. Jørund forklarte at akkurat som ein kan læra å lika ulik mat kan ein og læra å lika ulik musikk, sjølv om den  i starten verkar svært ukjend for oss.

Fjøsne tok dei frammøtte med inn i musikken ved å lytta, tenka, samtala, teikna, dansa, bruka rytmeinstrument og ved å bruka lykter som lyste. Og ungane var med på "leiken". Sjølve skulpturen kom dei ikkje så langt med denne dagen, men det kjem ein ny dag i morgon. Torsdag kl. 16.30 er det klart for vidare arbeid med kunstprosjektet, og strålande ansikt på dei som forlot salen vitnar om at mange gler seg til det.

AnbefalUtskrift

Tilpasset søk
DA SKJER PÅ FITJAR
annonse
Musikketasjen - www.musikketasjen.no
SPAR Fitjar - www.spar.no
www.nyttlivsunnhordland.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Fitjar Servicesenter AS - TLF. 53 49 89 00
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Fitjar SÃ¥pekokeri - www.fitjarsoap.no
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
HÃ¥rloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
2442.jpg
FITJAR NETT NO
AVSTEMNING
Har du vore på kino i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i haust?
 
KOR I FITJAR
Kor i Fitjar? - Fitjarposten.no
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse Fitjarposten.no - annonser!
Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 ­ 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
GÃ¥vekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2011 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.
annonse
Familiegudsteneste i Fitjar kyrkje søndag kl. 11.00
REMA 1000 Fitjar - www.rema.no
J.Fjeldtvedt AS - Mestervindu søker flere produksjonsarbeidere
Wärtsilä Cup 2011 vert arrangert 17. - 18. februar i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Meld deg på!