Fitjar kommune
Fitjar Kraftlag - 75 år!
Torsdag 23. oktober 2014
Fantastisk fortidsminne stoppar vegen
Her vart hjelmfragmentet funne, peikar Magnar Kloster. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fantastisk fortidsminne stoppar vegen

Delar av arbeidet med utbetringa av Fv 545 frå kyrkja og eit stykke forbi prestegarden vert stoppa på ubestemt tid. Årsaka er funn av eit svært sjeldan fortidsminne.

Skrive av Håkon C. Hartvedt
søndag 01. april 2012
Publisert: 

Hjelmfragmentet kan vere frå ein hjelm som denne som vart funne i Gjermundbu i 1943.
Hjelmfragmentet kan vere frå ein hjelm som denne som vart funne i Gjermundbu i 1943.

Spennande, seier ordførar Wenche Tislevoll. Arkivfoto: FP/HCH
Spennande, seier ordførar Wenche Tislevoll. Arkivfoto: FP/HCH

-Dette må markerast med bauta eller liknande, meiner tidlegare ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: FP/HCH
-Dette må markerast med bauta eller liknande, meiner tidlegare ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: FP/HCH

-Kan vere sensasjonelt meiner forskar Jens Olav Blütenfelt. Foto: DNS
-Kan vere sensasjonelt meiner forskar Jens Olav Blütenfelt. Foto: DNS

– Ja, arbeidet på vegen vart stoppa fredag etter melding frå Riksantikvaren. Dei vil no gjere ei meir omfattande utgreiing av dette området enn det som er gjort tidlegare, stadfestar ordførar Wenche Tislevoll.

– Kva er det som er funne?

– Det dreiar seg om funn av ein større del av ein hjelm. Fragmentet er sendt til «De naturhistoriske samlinger» (DNS) ved Universitetsmuseet i Bergen for analyse, men etter det eg har fått vite, skal det dreie seg om ein hjelm som kan vere av same type som den kjende vikinghjelpen som vart funnen i 1943 i Gjermundbu. Som denne hjelmen ber òg hjelmen som er funnen på Fitjar preg av hogg.

– Det kan vel ikkje vera snakk om gullhjelmen?

– Nei, hjelmfragmentet er ikkje av gull. Elles veit eg ikkje så mykje om dette enno. Eg vil likevel seie at sjølv om dette kan bety at vegarbeidet vert stoppa for ei tid, er dette utruleg spennande, seier ordførar Wenche Tislevoll til slutt, på telefon frå Geilo.

Oppslagstavle?

Spennande er òg ordet tidlegare ordførar Harald Rydland brukar. Sjølv om han var ein svært aktiv pådrivar for den aktuelle vegutbetringa i si ordførartid, er det no gløymt til fordel for funnet. – Dette er fantastisk, seier han og legg til: - Funnstaden ligg like ved der ein har snakka om å lage ei omkøyringsveg for å kome utanom sentrum. Vert det noko av, bør ein lage ei rundkøyring her, og midt i denne ein bauta eller liknande som ei markering av både dette funnet og dei andre kulturminna like ved.

Sensasjonelt?

Ved DNS i Bergen vil dei ikkje vere for snare til å konkludere. Dei hadde i går akkurat fått hjelmfragmentet i hende, og har sjølvsagt enno ikkje fått tid til å analysere det. Men forskar Jens Olav Blütenfelt seier likevel: - Er dette verkeleg ein autentisk vikinghjelm, som det kan sjå ut til å vere, er dette funnet sensasjonelt. Hjelmen som vart funnen i Gjermundsbu er så langt den einaste hjelmen me har av slikt slag frå før.

Tapt eller drepen?

Få kjenner Fitjar si vikinghistorie betre enn Magnar Kloster. Han har allereie fått vite om funnet av ordføraren, og også kvar funnet vart gjort. Han kan såleis peika ut funnstaden for fitjarposten.no.

– Kva kan ha skjedd trur du?

– Det er sjølvsagt vanskeleg å seie. Men kongsgarden er jo like ved, og mange av Håkon sine menn var samla der. Sjølv om dette området er i ytterkant av der hovudslaget stod, kan ein av mennene ha kome i kamp allereie her oppe på veg ned mot sjøen. Om han har tapt hjelmen i kampen og så flykta unna utan han, eller om han òg vart drepen på denne plassen, kan vere like rett begge delar, seier Kloster, som sjølvsagt er svært spent på kva DNS kjem fram til.

Anleggsleiar Jens Audun Atteraas, som melde frå om funnet, er sjølvsagt like spent. Han fortel elles til fitjarposten.no at arbeidsstansen berre gjeld vegarbeidet frå kyrkja og rundt 50 meter forbi prestegarden.

– Arbeidet på resten av vegen vil halde fram som før, seier Atteraas.


Tilpasset søk
annonse
Årskog Bilservice
Engesund fiskeoppdrett - visningssenter
Hårloftet - Bestill time - Tlf. 53 49 78 90
SPAR Fitjar - www.spar.no
Fitjar småbåt og fritidsservice
Sjøtroll - Ein smak av rein natur - www.sjotroll.no
Varehuset Rydland
Solheim Rør AS - www.solheimror.no
Fitjar Fjordhotell - www.fitjar-fjordhotell.no
Ledige båtplassar på Fitjar - www.gronavikjo.no
Fitjar IL - på nett!
Fitjar Quiz - Vinn flaxlodd!
LESARBILETE
FITJAR NETT NO
AVISA SOM PDF
PDF-utgave
annonse

Fitjarposten.no - annonser!

Redaktør: Håkon C. Hartvedt
E-post: post@fitjarposten.no | Telefon: 481 51 491 | Adresse: Liarhaugvegen 8 5419 FITJAR
Tips oss på TLF/SMS/MMS: 481 51 491 eller send e-post til tips@fitjarposten.no
Gåvekonto: 3546 07 04411 | Nyhetsystem: Joomla

©2005-2014 Fitjarposten.no - lokal næravis for Fitjar.