Onsdag 18. Juli 2018



Ordførar Wenche Tislevoll kan smila når ho ser desse tala frå Huseiernes Landsforbund. Foto: FP-arkiv/HCH.

Fitjar billigast i Hordaland!

Fitjar kommune er aller billigast i Hordaland på eigedomsskatt og kommunale avgifter til saman.

 

Dette går fram av ei pressemelding frå Huseiernes Landsforbund. Desse tala er såleis mykje meir gledelege å lesa enn dei me kunne presentara for ei tid sidan om byggesaksgebyr. Der trona Fitjar heilt på topp i Hordaland med 28 000 kroner, medan Granvin berre tek 4610 kroner for det same.

Når det kjem til samla tal for kommunale gebyr og eigedomsskatt er situasjonen ein heilt annan. Granvin i Hordaland er på topp med 19 010 kroner i avgifter for vatn, avløp, renovasjon og feiing. Inkludert eigedomsskatt på 4 580 kroner kostar det 23 590 kroner i året å vera huseigar i Granvin. 

 
Dei tilsvarande tala for Fitjar er 8 788 kr i kommunale gebyr og 2 025 kr i eigedomsskatt, totalt 10 813 kr. Det samla talet er det lågaste for kommunane i Hordaland. På heimesida til Huseiernes Landsforbund kan du sjekka Oversikt over kommunale gebyrer og eiendomsskatt i 2018.


Det er store forskjellar frå kommune til kommune, og her kjem dei tilsvarande tala for nokre av nabokommunane våre (kommunale gebyr + eigedomsskatt):

Fitjar:         10 813 kr  (8788 kr + 2025 kr)

Tysnes:     12 332 kr   (7544 kr + 4788 kr)

Stord:        16 053 kr  (13333 kr + 2720 kr) 

Bømlo:      17.139 kr  (12 139 kr + 5000 kr)

Austevoll: 12 858 kr  (12 858 kr + 0 kr)

 

 

 
Dersom du skal flytta eller berre er nysgjerrig på korleis kommunen din ligg an, bør du sjekka tala for 2018 hos Huseiernes Landsforbund. Det er nemleg store forskjellar på kva ein betaler frå kommune til kommune. Foto: Linda Ørstavik Öberg, Huseiernes Landsforbund.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse