Onsdag 18. Juli 2018


God stemning på Hatlevikbasaren: – Dette er ein viktig
møtestad for mange

Vêret var fint og humøret var på topp på årets Hatlevikbasar. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Også i år kunne deltakarane på Hatlevikbasaren kose seg i fint sommarver.
På programmet sto song, andakt, auksjon og kaffimat.

Stord24 møter Rasmus Hatlevik nede på kaien i Hatlevik på øya Ålforo i Fitjar, der venta han på hurtigbåten frå Stord og Rubbestadneset for å ønske folk velkomen. Han er ein av mange engasjerte som arrangerer basar år etter år.

– Me har alltid store forventingar, fortel Rasmus.

Viktig for mange

Rasmus fortel at den populære basaren går langt tilbake i tid. Sjølv om det stadig kjem nye til, er det fleire av deltakarane som kjem kvart år.

Rasmus Hatlevik ynskjer folk velkommen nede på brygga. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

– Eg veit at generasjonen min overtok i 1985, og me overtok frå ein eldre generasjon, så dette er ein gammal tradisjon, seier han.

Rasmus seier at basaren blir ein viktig møtestad for mange, og eit viktig kulturarrangement i Fitjar. Han fortel at veldig mange er flinke å hjelpe til både før og under basaren, og at alt arbeid er frivillig.

– Førebuingane starta tidleg i dag. Eg var å henta mat i Haugesund i halv sju-tida. Me har både mat og plass til alle som vil, fortel Rasmus.

Har kaffi og bollar til alle

Og det er ingen tvil om at det var nok mat. Bollene som ikkje får plass på kjøkkenet blei lagra i eit naust til det var tid for servering.

På kjøkkenet møtte Stord24 Anne May Hatlevik. Ho kunne fortelje at bollane kjem frå bakeri i Haugesund. Damene på kjøkkenet har ansvar for servering av fleire hundre bollar og mange titals liter med kaffi.

Det er mykje som skal setjast fram, men damene fortel at dei har vore med i over 20 år og er godt rutinerte når det gjeld førebuingane før kaffiserveringa.

Anne May Hatlevik fortel at dei ikkje tek betalt for noko på arrangementet, men at dei difor er avhengig av inntekt frå åresal og auksjon for å betale utgiftene.

– Pengane me får inn går til å betale utgifter og så er det Den indre Sjømannsmisjon som får resten.

Anne May Hatlevik har fleire hundre bollar klare for servering. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Basaren blir betre og betre

To av dei som hadde tatt turen til årets basar var Marit Saue Tranøy og Snefrid Tranøy. Dei har tilbragt utallige feriar på Tranøya og er ikkje ukjend med Hatlevikbasaren.

Marit Saue Tranøy fortel at då ho var yngre var Hatlevikbasaren nett som ein kva som helst basar, men at den dei siste åra har blitt større og betre kjend.

– Dei siste åra har det badla på seg og no er det veldig kjekt å vera her. Her treff me folk me kjenner, det er fin musikk og kanskje vinn me og, ler ho.

Snefrid er einig i at det sosiale rundt basaren er noko av det kjekkaste, men legg til at det er kjekt å sjå korleis området er vedlikeholdt.

– Bedehuset her er jo veldig gammalt. Eg hugsar det frå då eg var lita og var her ute. Det føltes litt større den gong, fortel ho.

Snefrid Tranøy og Marit Saue Tranøy er nokre av dei som tok turen til Hatlevik i år. Foto: Pernille Førland-Hatlevik/Stord24

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse