Onsdag 18. Juli 2018



Daniel Skarpnes blei dagens mann i kampen mot Halsnøy / Trio 2 med to scoringar. Foto: FP-arkiv/KR.

A-laget slo Halsnøy / Trio 2!

Torsdag kveld sikra A-laget til Fitjar seg tre viktige poeng etter to scoringar av Daniel Skarpnes og 3-2 i bortekampen mot Halsnøy / Trio 2.

 
Kveldens botnkamp mellom Fitjar og Halsnøy / Trio 2 var kampen ingen av laga hadde råd til å tapa. Og Fitjar måtte kjempa hardt for poenga etter at heimelaget på Nyamyro på Halsnøy leia 2-1 ved pause. Men med to scoringar i andre omgang greidde Fitjar å karra til seg tre svært verdfulle poeng, slik at dei unngår å feriera på nest sisteplass i 5. divisjon.

Halsnøy har hatt eit særs dårleg tak på Fitjar i mange år, og kveldens kamp begynte godt for Fitjar. Etter fire minutts spel blei spissen Daniel Skarpnes spela fint gjennom av Øyvind Fykse Lie. Og scora sikkert, åleine med keeper. Men gutane til "Dikki" blei litt passive utover i omgangen, og fekk to scoringar imot, slik at Halsnøy / Trio 2 kunne gå til pause med 2-1-leiing.

To scoringar etter dødball i andre omgang snudde kampen for Fitjar. Utlikninga var eit "krigarmål" ved Torbjørn Korsvik etter frispark. Også vinnarmålet kom etter dødball. Kristian Træet tok frispark, som lagkaptein Helge Træet heada vidare til tomålsscorar Daniel Skarpnes.

Fitjar reid stormen av siste kvarteret og kunne endeleg jubla for årets første bortesiger! Trenar "Dikki" Steensohn var godt fornøgd med innsatsen i kveldens kamp. Som vanleg blei det ein jamn kamp på Halsnøy, men han meiner laget hans hadde dei fleste målsjansane.

– Steminga i laget er god, seier trenar "Dikki" Steensohn, og han reknar med fleire poeng til hausten om dei får til ei god sommaroppkøyring.

Etter kveldens bortesiger har Fitjar komme opp på 11 poeng på tabellen i 5. divisjon av. 03 og har kontakt med laga midt på tabellen. Haustsesongen startar borte mot Kvernbit fredag 10. august. Neste heimekamp er laurdag 18. august mot Radøy/Manger.

 

Halsnøy / Trio 2  - Fitjar 2-3 (2-1)

Seriekamp 5 divisjon menn avd. 03 Hordaland

Halsnøy idrettsplass torsdag 21. juni kl. 19.30

Dommar: Bjørn-Ketil Olsen, Tertnes Fotball Herrer

Mål: 0-1 Daniel Skarpnes (4. min.), 1-1 (33. min.), 2-1 (41. min.), 2-2 Torbjørn Korsvik (60. min.), 2-3 Daniel Skarpnes 77. min.)

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Svein Arne Jordan Raunholm, Leif Tore Nesbø Aarland, Emil Sæterbø Fitjar, Sander Hrafnsson Tverborgvik, Helge Myrmel Træet (kaptein), Torbjørn Korsvik, Øyvind Fykse Lie, Kristian Træet, Daniel Skarpnes, Marius Helland Storebø. Innbytarar med speletid: Brynjar Tufteland Engelsen og Øyvind Fluge Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse