Onsdag 18. Juli 2018



Elevane har sett opp lavvoane, og Colin Alexander Peitisch viser at han har godt tak på lassoen. Foto: Kjetil Rydland. 

Samisk dag på Selevik skule

Friluftsrådet Vest skipa til "Samisk dag" for Selevik skule i går, og elevar og lærarar brukte heile dagen på å læra om tradisjonell samisk levemåte.

 

Ute på bakkane til nabo Bjørn Westerheim nytta lærarar og elevar dagen til å læra om den tradisjonelle levemåten til reindriftssamene. Informasjons-ansvarleg i Friluftsrådet Vest, Knut-Arild Sørensen stod for det faglege opplegget, som bestod av mykje praktisk arbeid på bakkane og ute i terrenget. 

 


Dette reinsdyret er med for å gjera øvingane meir realistiske. Foto: Kjetil Rydland. 

 

«Samisk» dag er eit undervisningsopplegg som dei reiser rundt med i regionen, fortel Knut-Arild Sørensen. Der er gratis for alle skularne i dei 12 medlemskommunane i Friluftsrådet Vest. Andre liknande undervisningstilbod er «Livet i fjæra» og «Marin forsøpling». «Samisk dag» går rett inn i det faglege innhaldet som elevane skal ha i 4. og 5. klasse om "Urbefolkning i Norge".  

Sørensen fortel at dei har høgsesong med desse utandørs undervisningsopplegga i grunnskulen frå 17. mai og fram til sommarferien. I byrjinga av skuleferien har dei to rimelege leirtilbod, med til saman 60 ungdommar. I morgon byrjar «Basecamp» for ungdomsskuleelevar og i neste veke er det «Friluftsskole» for mellomtrinnet. Begge leirane er fullteikna og blir arrangerte på Lindøy i Karmøy kommune. 

I løpet av ein samisk dag får elevar og lærarar læra lassokasting, «sami duodji» tradisjonelt samisk handverk og innreiiing av lavvo, og å laga «biddus», kjøttsuppe basert på reinkjøt. 

Elevane fekk setja opp dei store lavvoane sjølve, under rettleiing av Knut-Arild Sørensen frå Friluftsrådet. Dei hadde eigen pluggsjef og stongsjef under reisinga av lavvoane, og dei fordelte dei ulike oppgåvene. Den eine lavvoen blei innreidd på skikkeleg samevis, med greiner og reinsdyrskinn og alt som elles høyrer til. Elevane fekk læra kor dei forskjellige romma i ein lavvo er, kjøken, soverom, stove og gang. I den andre lavvoen laga elevane mini sameleirar, med lavvo, reinsdyr, samar, gjerde og vegetasjon.  

På bakken ved sida av lavvoane fekk elevane prøva å kasta lasso på eit reinsdyrhovud med eit flott gevir. Knut-Arild Sørensen kjem frå Senja i Troms, og fortel at han hadde mykje kontakt med reidriftssamar i oppveksten. Han kjenner såleis livsforma frå barnsbein, og er ein kløppar med lassoen. Snart viser det seg at fleire av elevane òg får eit godt tak om lassoen, spesielt imponerte Colin Alexander Peitisch, endå han var den første som fekk prøva. Lassoen la seg ganske snart rundt det svære geviret. 

Samstundes jobba andre grupper med å laga suppe av reinsdyrkjøt «biddus». Denne blei fylt med opphakka grønsaker og poteter; då er det reine festmaten, ifølgje Sørensen. Elevane var flittige med å hogga ved til grua, og viste imponerande tek med øksa. 

Etter at aktivitetane var ferdige, blei det «eksamen» med ei avansert form for tursti. Det var plassert ut ei mengd oppgåver om samisk levemåte og tradisjon i buskane, og så måtte elevane ut og finna svara. 

Dagen blei avslutta med måltid under presenningen, som kom godt med i regnet. Biddusen gjekk ned på høgkant; det var ingen som rynka på nasen av den samiske bryllaupsmaten!

  


Andrea Våge Helland lagar mini sameleir inne i lavvoen. Foto: Kjetil Rydland. 

  


Nathaniel Rosnes på reinskinn i lavvoen som er innreidd på ekte samisk vis. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Andreas Auestad og Markus Westerheim viser seg som kløpparar på å hogga ved. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Brage Knutsson Halsnes har ein variert sommarjobb i Friluftsrådet Vest; her instruerer han ei gruppe i bogeskyting. Foto: Kjetil Rydland.  

 


Anna Grete Kobanova skyt med pil og boge. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Lærar Heidi Haugland serverer suppe til Isabel Polden Andersen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse