Onsdag 18. Juli 2018



Eigenutvikla nødslaktefartøy skal byggjast ved Fitjar Mekaniske Verksted. 

Fitjar Mekaniske skriv kontrakt om nødslaktefartøy

Fitjar Mekaniske Verksted skreiv i går kontrakt med Austevoll-selskapet Servicebåt As om bygging av eit nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX-teknologi.

 

Det er styreleiar Mons Ove Hauge i Austevoll-selskapet Servicebåt As som skriv dette i ei pressemelding. 

Servicebåt As fekk nyleg tildelt forskingsmidlar frå Regionale Forskningsfond Vest, og desse midlane saman med fleire avtaler om bruk av eit ferdig fartøy gjer at selskapet i går kunne signere kontrakt med Fitjar Mekaniske Verkstad (FMV) om bygging av eit nytt nødslaktefartøy med eigenutvikla ELAX- konsept om bord. 

 
Ståle Torsvik, Magne Hatlevik, Hugo Strand og Mons Ove Hauge skriv kontrakt om bygging av nødslaktefartøy. 


Gründerane bak reiarlaget Servicebåt AS frå Austevoll, Magne Hatlevik, Ståle Torsvik og Mons-Ove Hauge, har i fleire år jobba med utviklinga av eit nytt konsept med hurtig og automatisk sortering av innsamla skada fisk, under og etter ei eller anna form for mekanisk handtering av laks og aure. Selskapet har hatt med seg forskingspartnarar frå Havforskningsinstituttet og Nofima med stor kompetanse på elektrisk bedøving, fiskevelferd og kvalitet.


Forprosjektet i vinter dokumenterte at ELAX-metoden (patent pending) er særdeles effektiv, og resultata viste at ein med dette systemet truleg kan berga opp mot 100 % av fisken som i dag vert skada og døyr i samband med ulike mekaniske handteringar på sjølokalitetar. Konseptet går ut på å fortløpande samle inn skada fisk under ei behandling og sørge for rask og effektivt bedøving og bløgging før den vert lagra ferdig utblødd på kjøletankar fram til lossing på slakteri. Det unike er ELAX-systemet, som raskt og automatisk skil ut eventuelle allereie døde fisk og sikrar at ingen av desse kjem med i behandlinga og lagringa av fisk som skal til human konsum. 

 
Satsinga med nødslaktefartøy vert samla i eit eige selskap, og dei gode resultata i vinter har vakt såpass oppsikt at fleire oppdrettarar og andre no vert med på eigarsida av det nye fartøyet. Langøylaks AS og Troland Lakseoppdrett AS frå Austevoll vert begge medeigarar og ser fram til å få anledning til å berge all fisk som elles ville stått i fare for å ende opp som ensilasje under ulike behandlingar.

 
«Det er klart at me ser etter stadige forbetringar i drifta vår og skulle aller helst unngått all form for behandling av fisk som medfører fare for dødelighet. Men eit slikt konsept som reduserer dødelegheita med henimot 100 % under ulike nødvendige mekaniske handteringar, er noko som verkeleg gjer utslag på driftsresultata våre, samstundes som det utgjer ei svært viktig forbetring av fiskevelferd i slike nødssituasjonar» seier dagleg leiar i Langøylaks As, Karsten Inge Møgster.

 
«Eit slikt fartøy og løysing skulle me hatt på plass for lenge sidan, seier Ole Morten Troland i Troland Lakseoppdrett AS, men no gler me oss til båten er på plass neste sommar og ser fram til å få det klart til bruk om ein nødssituasjon skulle oppstå. Me har god tru på at det er mange oppdrettarar som vil sjå stor nytte av å bruka denne båten til å berge fisken sin når fartøyet ikkje er i teneste hjå oss»  

 
Reiarlaget har hatt eit svært godt utviklingssamarbeid med FMV og Heimli Ship Design og ein har vore innom mange ulike størrelsar og løysingar før ein no har landa på eit svært effektivt design. Fartøyet vil måle knappe 26 meter i lengde (loa) og ha ei breidde på knappe 10 meter. Det får ein lastekapasitet på 140 tonn bløgga fisk og kan dermed også nyttast til ordinært slaktefartøy med bløgging på merdkanten før fisken vert frakta ferdig kjølt til vidareforedlingsanlegg. 

 
Fartøyet vert elles utrusta med kranar, vinsjar, slepekrok og ROV slik at det kan operere som fullverdig hjelpefartøy under ei fiskebehandling, samstundes som det pumpar opp eventuell fisk som vert skada i behandlinga. All skada fisk som vert samla inn og avliva på rett måte, vert på den måten ein reell verdi for oppdrettar, heller enn ei ekstra fordyrande produksjonsutgift. 

 
Fartøyet har ulike innsamlingsløysingar med seg på dekk og får blant anna ei stor fiskepumpe som kan håndtere stor slaktefisk på over sju kg. Denne pumpa vil og vert nytta til å losse eige fartøy ved fabrikk. 

 «Ein relativt lang utviklings- og testperiode vert endeleg toppa med kontrahering av eit fartøy til dette konseptet. Det er svært inspirerande å sjå at ideane våre vert godt mottekne, og at både kundar og forskingsmiljø gjev oss tiltru til å ferdigstille det første nye fartøyet med denne løysinga om bord. Båten skal være klar til neste sommar og me trur at dette er berre starten på mange slike fartøy frametter og ser fram til utviklinga», seier styreleiar i Servicebåt AS, Mons-Ove Hauge.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Blekkspruten klatra over ripa!

17.07.2018 Kjetil Rydland

Blekkspruten har klatra opp den glatte veggen med sugeskålene sine, og er klar til å hoppa ut att i sjøen. Foto: Gunnar Siglen.  Blekkspruten klatra over ripa! Fiskar Gunnar Siglen fortel ei...

Les meir ...

Vandring i elveleiet til Tveitaelvo

16.07.2018 Kjetil Rydland

Her starta elvevandringa, vel hundre meter nedanfor Botnavatnet. Foto: Magne Røed.  Vandring i elveleiet til Tveitaelvo Tveitaelvo er ei av dei mest vassrike elvane våre, og renn frå Botnavatnet forbi Dalshaugane og...

Les meir ...

Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko

16.07.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen døyper vesle Jenny Myhre. Foto: Torbjørn Hovland. Friluftsgudsteneste med dåp i Kråko Godt over 150 soknebarn møtte opp til friluftsgudsteneste i godvêret på Port Steingard i Kråko i går.

Les meir ...
annonse
annonse

Vandring i elveleie

15.07.2018 Kjetil Rydland

Høvet til å vandra opp Eggjafossen kan me ikkje la gå frå oss.  Vandring i elveleie Den uvanleg fine sommaren med lite nedbør har opna bekkefar og elveleie for spanande opplevingar.

Les meir ...

Framande plantar invaderer Fitjar!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Parkslirekne er ein av verstingane på svartelista, her ser me ein stor førekomst i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.  Framande plantar invaderer Fitjar! Heile 135 plantearter er svartelista i Noreg, og mange av...

Les meir ...

Geiter fanga på skjer!

14.07.2018 Kjetil Rydland

Desse fem geitene har nok eit kjedeleg ettermiddag i vente; her må dei nok stå til fjære sjø i ettermiddag. Foto: Fitjarposten-tipsar. Geiter fanga på skjer! På eit skjer ved Svelto i...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Stolt skipper på stolt skute!

18.07.2018 Kjetil Rydland

Asgeir Andersen ved Dåfjorden Slipp, i bakgrunnen «Gamle Nyborg», den finaste skuta i landet. Foto: Kjetil Rydland. Stolt skipper på stolt skute! Asgeir Andersen i Dåfjorden har kjøpt den finaste frakteskuta i...

Les meir ...
annonse