Tirsdag 19. Juni 2018



Andrea Brakedal med marihøna som ho har laga på kulturskulen. Foto: Kjetil Rydland.

Kulturskulen med kunst til glede for oss alle!

Visuelle kunstfag hadde mykje fint å visa fram for klassekameratar, søsken, foreldre og besteforeldre under onsdagens utstillingsopning i Fitjar kultur- og idrettsbygg.

 

Ein heil flokk vener og familiemedlemmer stilte opp då Fitjar kulturskule bad inn til opning av utstillinga "Små kryp, fjerne galaksar og noko midt imellom". Foreldre og besteforeldre beundra kunstverka og fotograferte villig vekk. Og det vanka mykje skryt både frå unge og gamle.

– Dette er fint å sjå på, seier ei imponert Amalie Bergesen til venninna Sandra Elise Helland. 

Den offisielle opninga var det skulesjef John Karsten Raunholm som stod for. 

– Eg er stolt over kulturskulen vår, sa skulesjefen, og la vekt på den store breidda i tilboda. Han uttrykte glede over at skulen appellerer til dei kreative eigenskapane til elevane. Her kan elevane få arbeida med ting som interesserer dei, og oppleva meistring som dei kan ta med seg til andre område i livet. 

Skulesjefen meinte elevane ved "visuelle kunstfag" kan vera stolte over det dei har produsert. Og så gledde han seg ekstra over at utstillinga er så strategisk plassert. Foajeen i Fitjar kultur- og idrettsbygg er ein stad mange kjem innom og får høve til å beundra kunsten på veggen. 

– Dette vil gleda andre! slo skulesjefen fast. 

Lærar i "visuelle kunstfag", Nina Aarbø Olen, fortel at dei arbeider både med akryl og akvarellmaling. Dei har time éin gong i veka, rett etter skuletid. Ho minner om at dei framleis har plass til litt fleire elevar til hausten. 

 


Sandra Elise Helland får velfortent skryt av venninna Amalie Bergesen og skulesjef John Karsten Raunholm. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Elevane i visuelle kunstfag saman med læraren sin, f.v. Sandra Elise Helland, Andrea Hillestad, Helena Solli, Mathea Olsen Vik, Andrea Brakedal, Nina Aarbø Olsen og Iselin Ødegård Aarbø. Foto: Kjetil Rydland.

 


Bestefar Rolf Helland studerer kunstverka. Foto: Kjetil Rydland.

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse