Tirsdag 19. Juni 2018



Emma Maraas, Eldrid Fitjar og Nora Jæger Thorland lurer fælt på korleis dei skal få avispapir til å bli plantepotte. Foto: Kjetil Rydland. 

Miljøklubben Grøne barn engasjerer seg!

Ti elevar ved Rimbareid skule er med i Miljølubben Gøne barn på Fitjar folkebibliotek, og får engasjera seg i kampen mot plast og for kortreist mat. 

 

– Det måtte loddtrekning til for å avgjera kven som skulle få vera med, så populært var tiltaket, fortel biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Saman med bibliotekar Rita Hindersland Huse har ho starta ein miljøklubb for skulebarn, i regi av biblioteket. Dei hadde berre plass til ti barn, og etter trekning blei det fire gutar i femteklasse, ein gut i tredjeklasse og fem jenter i tredjeklasse. 

I dag møttest dei til "arbeidsmøte" på biblioteket. På saklista stod brev dei har fått om premiane som blir delte ut på 17. mai. Dei er ofte laga av plast eller pakka inn i plast. Miljøklubben bestemte seg for å senda brev til foreldra som skipar til leikane på 17. mai, med forslag til premiar som ikkje er av plast.

Alternative forslag som kom opp var bøker, blyantar, luer og panneband. Biblioteksjefen skriv brevet og legg det fram for miljøklubben før dei sender det. Etter det me kan skjøna, har dei god tid; det er jo ei stund til 17. mai. 

Dagens hovudaktivitet var å så frø i potter slik at dei får sjå at dei ikkje alltid treng kjøpa mat som har reist langt. Slik vil dei spara transport med fly eller bil, og samstundes unngå mat som er pakka inn i plast. 

Frøa måtte naturlegvis såast i potter som er nedbrytbare, og desse laga dei av avispapir. Biblioteksjefen hadde førebudd seg godt, og det kom vel med, for det var litt krevjande å bretta avispapiret på rette måten, slik at det blei potter av det. Men unge hovud tenkjer kjappare enn me som er litt meir tilårskomne, og før me visste ordet av det, hadde alle laga ei heil samling med potter. 

Alle pottene blei fylte med jord, og så sådde dei ulike matvekstar, tomat, reddik, grasløk, spinat og gulrot. Om barna i Miljøklubben Grøne barn har grøne fingrar, er me ikkje heilt sikre på. Men dei gjekk til verket med stort engasjement, og tok med seg alle pottene heim. Vonleg har det blitt mat av det før dei møtest att etter sommarferien.  

Miljøklubben har hatt tre møte i vår, og skal ha tre nye møte i haust. Det er Silje Torbjørnsen og Rita Hindersland Huse ved Fitjar folkebibliotek som står bak ideen og gjennomføringa. Dei har støtte frå "Rom for møte"-prosjektet til Hordaland fylkeskommune. 

Vonleg får frøa i pottene godt stell, og så får me venta og sjå korleis det går: – Har det skjedd noko når me møtest igjen? 

  


Venita Nordeide Helland får hjelp av Silje Torbjørnsen med å laga potte av avispapir. Foto: Kjetil Rydland.

 


Tori Torbjørnsen har sådd grasløk i ei av avispottene. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ola Fitjar Hjelle sår grasløk. Foto: Kjetil Rydland.

 


Og her skriv dei på kva dei har sådd i dei ulike pottene. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Her er det Emma som skriv på pottene sine før ho må gå heim. Foto: Kjetil Rydland. 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse