Tirsdag 19. Juni 2018



Ronald Skår går av banen etter å ha blitt utvist i sluttminutta. Foto: Kjetil Rydland. 

Ny uavgjortkamp for toarlaget til Fitjar

I ein hektisk og innsatsfylt fotballkamp på kunstgraset i kveld måtte Fitjar nøya seg med 1-1 mot gjestene frå Haugaland Fotballklubb.

 

Eit talrikt publikum ved kunstgrasbanen fekk mykje å varma seg på i den bitande kalde sommarbrisen tysdag kveld. Det gjekk nemleg hardt for seg nede på banen, der toarlaget til Fitjar kjempa om poeng i 7. divisjon Rogaland mot Haugaland Fotballklubb.

Spelarane på dei to laga la lite eller ingen ting imellom i dei mange taklingane, og me fekk sjå mykje god innsats. Men dei hadde nok halde seg rimeleg bra i skinnet om dommaren hadde hatt kontroll på kampen. Det hadde han dessverre ikkje, og det blei etter kvart fleire gule kort enn me kunne telja. Og både Rezwan Kadir og Ronald Skår fekk raudt kort. 

I byrjinga av kampen såg det relativt greitt ut for heimelaget. Det kunne sjå ut som om fleire gamle heltar var gode som nye. Etter åtte minutts spel tok Fitjar leiinga ved lagkaptein Trond Henriksen. Han tima fint løpet sitt inn i feltet og heada elegant inn eit frispark frå langt hald. 

Fitjar hadde rimeleg bra kontroll ut første omgang. I pausen skifta Haugaland inn eit par mann, og kom meir med i kampen. Etter 18 minutts spel var det klart for 1-1. Rezwan Kadir blei takla på midtstreken, men dommaren bles ikkje frispark. I staden kunne Haugaland-spelarane enkelt gå fram og scora, medan Fitjar-spelarane ropte så høgt at dei ikkje kunne høyra at dommaren ikkje hadde blåse. 

Den siste halvtimen av kampen blei ein uryddig affære, med mykje hardt spel, og mange misforståingar mellom dommar og spelarar. Det heile toppa seg i sluttminutta då Ronald Skår fekk direkte raudt kort for å ha sagt "fy" og litt til. 

Me kan slå fast at publikum fekk full valuta under kveldens kamp på kunstgraset, men ein del av underhaldninga kunne me gjerne vore forutan. 

 


Mål og gult kort for lagkaptein Trond Henriksen. Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjar 2 – Haugaland FK 1–1 (1–0)

Fitjar Idrettsplass, kuntgraset, tysdag 12. juni 2018 kl. 20.00

Seriekamp menn 7. divisjon avd. 04 Rogaland Fotballkrets

Dommar: Süleyman Kilic, IL Solid

Gult kort for Fitjar: Vegar Helland, Trond Henriksen, Rezwan Kadir.

Raudt kort: Rezwan Kadir (2 x gult) og Ronald Skår. 

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Ronny Rene Bjellebø, Torkel Nesbjørg, Vegar Helland, Trond Henriksen, Ronald Skår, Øyvind Fluge Rydland, Christer Olsen Korneliussen, Andre Helland, Even Ersland og Rezwan Mahammad Kadir. Innbytarar med speletid: Øyvind Fykse Lie, Kjell Magne Halleråker, Espen Hatlevik, Jøran Johansen

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse