Tirsdag 19. Juni 2018



Denne flotte Fitjar-gjengen nytta søndagen til å gradera til nytt belte i karate. Bak frå venstre: Stine Koløen, Barbara Rimmereid, Melissa Maraas, Julya Baranovskaja. Midten frå venstre: Mailene Helland, William Seivåg, Nikita Baranovski, Patric Helland. Framme frå Venstre: Markus Gravdal, Elisabeth Helland, Olve Koløen, Olai Gravdal, William Gjøsæter og Amalie Gjøsæter Foto: Kjetil Rydland. 

Full utteljing for Fitjar Shotokan Karateklubb

Alle Fitjar-utøvarane som prøvde seg på gradering, greidde testen og kunne gle seg over nye karatebelte etter årets sommargasshuku på Stord i helga.

 

Den lokale karateklubben vår stilte med heile 31 utøvarar i den store karatesamlinga som Stord Karateklubb arrangerte på Vikahaugane frå torsdag til søndag. Dette var ein stor sommarleir som samla tett oppunder 500 utøvarar frå heile landet og instruktørar frå Japan, England og Norge.

 


Sommargasshuku på Vikahaugane. Foto: Stord Karateklubb. 

Fredag var det instruktørtrening for alle med gyldig instruktørlisens. Treninga vart leia av Otha sensei, som er hovedinstruktør for JKA England. Fitjar stilte med tre instruktørar som har gjennomført krava for lisens, nemleg Sukhwinder Koløen, Trond Strand og Terje Hillestad

Laurdag gjekk fire Fitjar-utøvarar opp til gradering til svart belte, og alle bestod. Dei fire er Rebecca og Christina Koløen, Nils Arve Helland og Trond Strand (2 dan). Victoria Maraas graderte til siste brune beltet, og siktar seg inn på svart belte til neste år. 

I går hadde Fitjar ein stor gjeng i ulike aldrar oppe til gradering, og alle greidde seg! Dermed kunne hovudinstruktør Sukhwinder Koløen og klubben hans notera seg for 100 % utteljing. Dette er langt over gjennomsnittet for deltakarane på det store karatestemnet i helga, og nok eit døme på at Fitjar-klubben driv godt.

  


Sensor José dos Santos følgjer nøye med under graderinga. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Nils Arve Helland blir boren på gullstol av Sigurd André Maraas etter laurdagens gradering til svart belte. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 


Desse klarte svart belte laurdag; Nils Arve Helland 1. Dan, Rebecca Koløen 1. Dan, Trond Strand. 2. Dan og Christina Koløen. 1. Dan. Foto: Privat.

 


Utøvarane frå Fitjar saman med instruktørane på Vikahaugane. Foto: Stord Karateklubb.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse