Tirsdag 19. Juni 2018


Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar

I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet av 2018. No er ambisjonane mangedobla.

Oslo og Bergen har allereie fått sine «Pink Fish»-restaurantar, som er ein ny laks-basert sjømatkjede som Geir Skeie har starta saman med Ronny Gjøse og skipsdesignar Svein Sandvik i Fitjar.

I følgje investorane er dette berre starten på eit stort restaurant-eventyr.

– Målet vårt er å skape ein internasjonalt kjend hurtigmatkjede, og då er potensialet mykje større enn 1000 restaurantar, seier dagleg leiar Ronny Gjøse til Nettavisen.

Etter at dei første norske restaurantane kjem på plass er planen å starte kontor og restaurant i Singapore. Det er nemleg ikkje den norske marknaden som blir viktig.

Vil vekse raskt

Geir Skeie seier til Stord24 at dei har ambisjonar om å vekse svært raskt.

– Me har ein plan om å kome oss til Asia i løpet av neste år. Så ønskjer me å vekse så fort som mogleg eigentleg. Me må ha ein del restaurantar på plass for at merkevaren skal bli kjend. Får me ein stor partnar i Kina, så kan det plutseleg vere 2-300 restaurantar i løpet av to-tre år.

Som einaste hurtigmatkjede innan sjømat har Skeie tru på at konseptet vil slå fort an, og samanliknar vekstambisjoane med ein internasjonal juice-kjede som har hatt stor suksess dei siste åra.

– Det er naturleg å sjå kva kjeda Joe & The Juice har fått til. Dei har vekse veldig fort og har fått svært mange restaurantar rundt om i Norge og verda, og det har skjedd i løpet av 3-4 år.

Bømlo-laks nådde ikkje opp

Lerøy Seafood er valt som leverandør av laks til «Pink Fish»-konseptet. Skeie fortel at Bremnes Seafood frå Bømlo har også blitt vurdert, men at dei ikkje nådde opp.

– Me har hatt kontakt med alle. Det har vore ein dialog med dei store aktørane og me har absolutt snakka med Bremnes Seashore.

– Bremnes Seashore har for tida problem med eksportmarknaden til Kina. Er det årsaka til at ikkje dei vart vald?

– Nei, absolutt ikkje. Det er lenge før det at me tok avgjersla. Lerøy har kapasiteten og moglegheita. Men me har ikkje noko langsiktig avtale, så det kan jo hende at me byter etter kvart.

Skeie er førebudd på mykje internasjonal reising dei neste åra, og at han difor vil bruke mindre tid på dei tre Brygga 11-restaurantane framover, og meir på Pink Fish-kjeda.

– Me har dyktige folk som driv Brygga 11. Men eg vil jo framleis vere på Stord, og var der seinast førre veke.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse