Tirsdag 19. Juni 2018



Tolvårslaget ståande bak med trenar Karen Elisabet R. Sæbø t.h. Framme ligg tre jenter frå elleveårslaget. Foto: Kjetil Rydland. 

Glimt frå Handballfestivalen

Fitjar har hatt seks lag i aktivitet under Handballfestivalen, og nedanfor kan du sjå ein del glimt.

 

Dei seks jentelaga til Fitjar har vist god innsats under Handballfestivalen på Stord i pinsehelga, men me har ikkje notert meir enn to sigrar. Dei var det 11-årsklassen som stod. Dei vann over Bønes IL 2 i går og over Fana IL 2 i dag. 

Elles blei det mange tap for Fitjar-laga i klassane 11, 12 og 14. Utan at det såg ut til å leggja nokon vesentleg dempar på stemninga i godvêret. For dei tre minilaga rann måla inn rette vegen i fleire av kampane. Men her tel dei ikkje mål, så kven som vann, er det ingen som veit. Og det gjer heller ingen ting. Ikkje minst fordi jentene viste stor idrettsglede både over scora mål og over andre fine prestasjonar. 

Fitjar har ikkje hatt nokon gutelag i aksjon under Handballfestivalen i år. Men me hadde gleda av å sjå både Runar S. Skogedal, Jørund Innvær og Mats H. Rasmussen i aksjon i Gullserien. Her tapte dei ein kamp og spela ein uavgjort; begge kampane gjekk mot Kolnes. Frode Kyvåg var dommar, medan vår gamle ven, uslitelege Runar Øvrebø, var speaker.


Regine Haukeland i aksjon mot Rival i Rackethallen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Keeper Lovise Rimmereid fekk mykje å hengja fingrane i mot Rival. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Handballeiar Liljan V. Waage og dei andre eldsjelene møtte trufast opp på kampane. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Sjuåringane til Fitjar er klare til å møta Stord 3 Leirvik/Langeland på tenneisbanen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Her er det Tone Simonsen som gler seg over scoring. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Elena Rydland i aksjon mot Leirvik/Langeland. Foto: Kjetil Rydland. @

 


Angelica Træet på tennisbanen. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Ole Magne Rydland og dottera Anja gjer seg klare til kamp. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Runar S. Skogedal og Jørund Innvær i kamp mot Kolnes i Gullserien. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Mats Rasmussen stod i mål mot Kolnes. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Speaker Runar Øvrebø med dommar Frode Kyvåg, som dømte kampen mellom Stord og Kolnes i Gullserien. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse