Tirsdag 19. Juni 2018



Harald Rydland held tale i Kultursalen 17. mai. Foto: Kjetil Rydland.

Harald Rydland sin tale på 17. mai 2018

Talen som Harald Rydland heldt på 17. mai, var vel verdt å høyra på, og nedanfor kan du lesa heile talen.

 

Til lukka med den fine nasjonaldagen. Det er eit flott syn å sjå utover salen, glade og festkledde som de er. De skulle fått sett det sjølv, det hadde eg unnt dåke. Vil nokon bytta plass med meg no, så må de berre seia i frå så kan eg ta plass som tilhøyrar. 


Gisle Levåg ringte meg for ei tid sidan. Eg har lagra telefonnummeret hans, så eg såg kven som ringte. Ulokko, tenkte eg, har smalen våre i Sandvikjo komme til Levåg no? Det var langt verre enn som so. Han spurde om eg ville halda tale på 17. mai. I forfjamselsen fekk eg tenkt meg litt om og tok det som eit teikn på at nokon då måtte ha tru på at eg var rette mannen til nettopp det. For det er gjerne slik at når nokon spør deg om hjelp til eit kvart, så er det fordi dei trur på deg. Men så kom jantelova snikande. Var det så sikkert at det eg som var førstevalet? Kanskje var eg siste utveg etter at dei hadde spurt eit utal andre utan å få ja.


Eg har ikkje vågd å spørja om det. Difor kunne det vore freistande å be om ei handsopprekking her i salen for å sjekka kor mange som hadde fått tilbodet før meg? Eg trur ikkje eg vågar det heller.


Her har me det første litle poenget som eg ville prøva å formidla her i dag

Sei helst ja om nokon spør nettopp deg om hjelp. Du vert mest sannsynleg spurt fordi nokon har tru på deg, og det du veit og kan. Dei meiner du er rette mannen, eller dama, til nettopp dette. Ein sjeldan gong hender det nok at nokon vert spurde om hjelp fordi det er så mange som har takka nei, eller at dei som spør ikkje gadd å gjera jobben sjølv, men du må ikkje tenkja slik når nokon spør.


Eg har ei liten lokal i historie om ein som treft nettopp rette mannen når han trong hjelp. Den kan de få høyra. Det var for fleire år sidan, mens det enno var skikkeleg lensmannskontor i Fitjar, at det var komme ny lensmannsbetjent til bygda. Han hadde sjølvsagt interesse av å setja seg i respekt så snart som råd.  Difor tok han så snart han var kommen på plass ein biltur utover i bygda for å finna noko å slå ned på. Han trong ikkje køyra lenger enn til Vik før han fann sitt første bytte. Eg er glad han stoppa i Vik og ikkje kom seg til Rydland. Der hadde han funne mykje godt arbeid. Byttet han fann i Vik var ein bonde som kom køyrande med traktoren og ein bråte med ungar bak på tilhengaren. Slikt skal visst ikkje vera heilt i tråd med skrifta. Lensmannsbetjenten fekk stoppa sjåføren og spurde: Veit du kven eg er? Nei, det veit eg ikkje ,sa bonden. Eg er den nye lensmannsbetjenten i Fitjar, fekk han til svar. Då er du rette mannen, kom det frå bonden. Eg har prøvd heile dagen å få desse ungane ut av tilhengaren, men det har vore umuleg å få til. No kan du sjå om du kan hjelpa meg med å få dei utav.  


Eg synest dette er ei sjarmerande historie, ikkje minst vert eg imponert over bonden som på ein slik elegant måte greidde å snu det som var ei dårleg sak for han, til sin fordel. Prøv gjerne noko slikt neste gang du kjem i ein eller annan kontroll.


Kva kan so ein enkel bonde frå Rydland ha å dela i ein tale på 17. mai?  Kan eg ha noko vetigt å sei som de ikkje har høyrt før?


Eg er sikkert ikkje av dei som har vore mest på reisefot utafor bøgarden heime, men nokre reiser har eg fått vera med på. I dag har eg lyst å dela med dåke nokre minne og tankar frå to reiser som har gjort inntrykk på meg, og som eg meiner har vore med og prega meg etter at eg kom heim att.


Det første eg vil fortelja om, var eit oppdrag eg fekk vera med på då eg var vel 20 år gammal. Eg reiste til Libanon som FN-soldat i 1984 og var der i eit halvt år. Opptakten til det kom då eg var i militærteneste i Nord-Norge vinteren før. Ei natt eg stod vakt ute i skogen fraus eg noko heilt forferdeleg. Det skal ha vore bortimot 40 kuldegrader der. Då bestemte eg meg for å finna ein plass å reisa til der eg var garantert å ikkje frysa. Eg lova meg sjølv at eg heller ikkje skulle klaga på varmen der. Eg søkte, og fekk teneste som FN-soldat i Libanon. Der opplevde me over 40 varmegrader, men eg klagde ikkje på varmen.


I løpet av tenesta i Midt-Austen fekk eg sjå, høyra, oppleva og læra svært mykje. Det første eg vil ta fram er ei historie som eg fekk høyra mens eg var der. Den gjorde inntrykk på meg og har gjort at eg prøver så godt eg kan å vera snill og god mot kona mi.  


I området der me gjorde teneste, var det mange minefelt som enno ikkje var sikra eller rydda. Dei som budde i området, måtte difor forhalda seg til dette i kvardagen. Av og til måtte dei gå lange omvegar dersom dei skulle gå rundt minefelta. Ein dag var der eit følgje som bestod av eit esel, ein mann og kona hans som var ute på tur. Dei skulle komma seg forbi eit usikra minefelt og mannen fall for fristelsen og ville ta snaraste vegen over. Det han då gjorde var å senda kona si over feltet for å testa om det var trygt. Heldigvis gjekk det vel med kona. Ho for ikkje til luftars. Då mannen kunne konstatera det, tok han eselet med seg og for over, han og. Har de høyrt noko så gale. Den mannen skulle ikkje fått lov til å ha kone, og han skulle vore skikkeleg tilsnakka.


Når me er inne på dette emnet, er det freistande å ta med ei historie som handlar litt om det same, men her var mannen minst eitt hakk meir human enn mannen i Libanon. I den lokale historia handlar det og om sprengstoff og eit ektepar.


I Øvrebygda har det opp gjennom åra vore mange småentreprenørar som har drive med graving og sprenging. Difor skal det ikkje vera godt å identifisera kven historia handlar om. Ein av desse småentreprenørane hadde ein kjellar under huset sitt som då huset vart bygd, ikkje var meininga skulle innreiast. Difor låg der ein stor stein der som ikkje var råd å få ut, utan å sprenga den i mindre delar. Dette hadde mannen gått og ganda seg over i lengre tid. Ein ettermiddag tok han affære og henta seg sprengstoff for å få ein slutt på irritasjonen. Han berekna kor mykje dynamitt som skulle til for at steinen skulle klovna, utan at heile huset vart til pinneved. Han fekk dynamitten på plass og kom seg ut for å fyra av. Det vart eit durabeleg smell, steinen klovna og huset rista voldsomt, men det stod der framleis like heilt.  


Det eg ikkje har fortalt så langt, er at han ikkje hadde informert kona om kva han skulle til med. Ho sat oppe i stova og spøta mens mannen gjennomførte sitt prosjekt i kjellaren. Eg vil tru ho fekk seg ein skikkeleg vekkjar då han fyrte av.  Det er og truleg at mannen fekk seg ein skikkeleg vekkjar då han trefte kona etterpå. Det fine med denne historia er at, så langt eg kjenner til, levde kona og mannen «saman i gode og vonde dagar til døden skilde dei åt», slik dei hadde lova framfor presten. Tilgjeving kan ein heldigvis få, og ein kan få starta på nytt etter både slike og andre episodar.    


Då får me ta turen tilbake til Libanon. Der budde me tett på bygdefolket og var nærast som ein del av lokalsamfunnet. Me kom tett på folket og det som skjedde i området. Då lærte eg noko viktig som har prega meg etterpå. Eg fekk oppleva kva skade krig kan gjera på folk og samfunn som vert råka av brutale krigshandlingar. Etter at eg kom heim frå den reisa, er det sjeldan eg har klaga på noko, og eg set stadig vekk stor pris på, og er takknemlig for at eg var ein av dei få og heldige som vart fødd og fekk lov til å bu her i Norge. Likevel må eg innrømma at eg som vestlandsbonde ikkje klarar å la vera å klaga på vêret når det slår seg vrangt med regn og uvêr store delar av sommaren. Då meiner eg det må vera lov for ein bonde å klaga seg. 


Når hus og heim vert bomba i fillebitar, infrastruktur og andre samfunnsordningar vert utradert og livet er i fare. Kva gjer då dei som er hardast råka og ikkje ser noko framtid rundt seg?


Dei prøver å flykta for livet, noko eg etter å ha sett bakgrunnen for det, har stor forståing for. Dei har ikkje anna val ein å finna ein plass der dei kan starta livet på nytt.


Dei fleste i krigsområda vil, trass mykje elendighet, bli verande på heimplassen. Men nokre er så hardt ramma at det ikkje let seg.


Eg er glad for at me her i Fitjar har fått til å hjelpa nokre av offera for krigen som har herja i Midtausten dei siste åra. Takk til alle fitjarbuar som har vist varme og omsorg for våre nye sambygdingar. 


Eg veit om fleire som har gjort og gjer ein ekstra innsats. Eg nemner ikkje namn, men mange veit kven desse som eg tenkjer på er. Tusen takk skal de ha!


Me som bur her i dette fredelege landet, har lite grunn for å klaga i forhold til dei som verkeleg slit. La oss vera takknemlige, og lat oss ha forståing for at nokon kjem og ber oss om hjelp i sin naud. Det er alltid meining i å hjelpa nokre få, om så berre ein, sjølv om me ikkje kan hjelpa alle.


Ei anna reise som gjorde inntrykk og sette spor i meg er av nyare dato.


Saman med familien fekk eg reisa til Tanzania og Zanzibar for to år sidan. Me besøkte eldste dotter vår som var ute på eit halvt års oppdrag der. 


Afrika er eit fantastisk kontinent på mange måtar, men dei har sakta sine utfordringar der. 


Dei vekene me var der levde me stort sett blant dei fastbuande. Først var me i ein stor by ved foten av Kilimanjaro. Her kunne ein ikkje unngå å leggja merke til dei enorme kontrastane mellom fattige og rike. Det gjorde vondt å sjå.


Siste del av reisa, då me var på øya Zanzibar, budde me tett på bygdefolket ved ei strand som låg til det Indiske hav. Av å sjå på folket som budde her, lærte eg noko som eg har tenkt  på fleire gonger etter at me kom heim. 


Folket her hadde minimalt av materielle gode. Dei budde i svært enkle hus av murstein og bølgeblikk. Omtrent ingen av dei hadde bil. Eg såg så godt som ingen syklar. Lite var det av straum der. Men det såg ut som dei hadde mat og klede nok.


Storparten av folket levde av fiske. Ca. 100 fiskebåtar talte eg på stranda nedanfor der me budde. Båtane var enkelt laga av ein uthola tømmerstokk, med ein flottør på kvar side som skulle gjera båten stabil. Elles hadde båten ei mast til å festa seglet i.


For meg såg det faktisk ut til at dei som budde der var vel fornøgde med livet, men kvifor skulle dei vera det når dei mangla så mykje av dei materielle goda som me gjerne trur må til for å ha eit godt liv?


Noko av svaret trur eg ligg i at dei på mange måtar levde eit sutalaust liv med låg risiko og utan dei store bekymringane. 


Dei hadde truleg ikkje lån i banken som forfall kvar månad. Fisk var det i rikelege mengder rett utafor der dei budde.


Dei hadde ikkje kompliserte reiskapar og andre gjenstandar som stadig vekk vart øydelagde, og som igjen kunne føra til dyre reparasjonar og at inntektene ein var avhengig av ikkje kom  inn.  


Dei fekk ikkje lengre driftsstans i fiskeriet grunna venting på delar frå utlandet eller at ekspertar skulle komma og fiksa båtane. Alt som skulle til for å vøla fiskebåten kunne dei gå rett opp i skogen og hogga. Der var det meste av delane som skulle til for vøla å finna.  


Det såg og ut for at dei hadde svært god tid til å vera saman med familie, naboar og vener for prat, fotball, sosial omgang og andre kjekke aktivitetar.


Eg lærte av dette at lukka i livet ikkje treng vera å kjøpa seg flest muleg ting som ein må kava og tena pengar for å få kjøpt. 


Dersom eg alt no har brukt opp tida mi for å bruka dei tinga eg til no har skaffa meg, kvifor skal eg då kava på for å kunna kjøpa endå fleire ting å bruka tid på?


Så bodskapen må verta; kjøp ikkje fleire ting og suter, og legg ikkje opp til fleire risikoprosjekt dersom du har så du klarar deg med den slags etter før.

 

Til slutt:

Gud signe vårt dyre fedreland skreiv Elias Blix i 1890, då han forfatta den flotte fedrelandssalmen vår.


Jammen har me fått mykje velsigning over fedrelandet vårt dei siste hundre åra.


Dyrt er det her, det er det mange som klagar på. Eg trur ikkje det var kostnadsnivået Elias Blix tenkte på. Elles  er det vel ikkje nøden som no om dagen driv norske menn og kvinner til å hamstra søtsaker i stor stil i Sverige, etter at sukkeravgifta har auka noko. Me som får lov til å bu her i landet bør leva godt med høgare kostnadsnivå enn i både Sverige, Midt-Austen og Tanzania.


Elias Blix meinte nok at Fedrelandet vårt er dyrebart. Det har han framleis heilt rett i. Har me noko som er dyrebart for oss er me redde for å mista det. Difor må me ta godt vare på det, og forvalta ressursane og demokratiet på ein måte som sikrar at dei som kjem etter oss og kan feira 17. mai med like stor glede som me kan gjera.


Det var dette eg hadde tenkt å dela med dåke i dag. Kva de vil huska av denne talen får de gjera nett som de vil med, men husk uansett at dersom du skal til med sprengingsarbeid i heimen, så informer ektefellen din om det på forhånd.


Takk for meg og ha ein strålande dag vidare!

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebar…

17.06.2018 Kjetil Rydland

Marius Pedersen (82) i fint driv på 600 meter i Strandebarm. Foto: Privat.  Fin friidrettsinnsats i vakre Strandebarm Sju aktive friidrettsutøvarar frå Fitjar deltok denne helga på Hardanger friidrettsfestival i vakre Strandebarm...

Les meir ...

Leir som 4H-oppgåve

16.06.2018 Kjetil Rydland

Isabell Fluge Rydland og Lars Rydland Sæbø med utsikt over bakkane på Tislavoll, der leirdeltakarane bur i telt og lavvoar. Foto: Kjetil Rydland.  Leir som 4H-oppgåve Øvrebygda 4H skipar denne helga til...

Les meir ...

Ny danselærar med entusiasme!

16.06.2018 Kjetil Rydland

Med smittande entusiasme byr danselærar Karoline Frederich elevane opp til dans i gymsalen på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.  Ny danselærar med entusiasme! Fitjar kulturskule har tilsett Karoline Frederich som ny lærar...

Les meir ...
annonse

A-laget slo Stord 2!

15.06.2018 Kjetil Rydland

Lars Fitjar Waage løftar trenar "Dikki" Steensohn på gullstol etter den kjærkomne sigeren over Stord. Marius H. Storebø og målscorar Nils Ingard Tislevoll jublar like mykje. Foto: Kjetil Rydland.  A-laget slo...

Les meir ...

Ikkje kyrkjelydsprest

15.06.2018 Kjetil Rydland

Ikkje kyrkjelydsprest Fitjar sokneråd har gjort vedtak om ikkje å tilsetja kyrkjelydsprest, men å utlysa stilling som trusopplærar i 80 % stilling.

Les meir ...

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar

15.06.2018 Harald Johan Sandvik

Lyspunkt i tronge tider i Fitjar Lysløypa vil ta til her ved Olstjødno og følgja vegen oppover Foto: Harald Johan Sandvik Formannsskapet vedtok oppstart på lysløype frå Olstjødno til Svartavatnet.

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Ferieavvikling ved Fitjar legesenter

17.06.2018 Kjetil Rydland

 Fitjar legesenter. Foto: FP-arkiv / Harald Johan Sandvik. Ferieavvikling ved Fitjar legesenter Frå helse- og sosialsjef Anne Økland har me fått ei oversikt over når legane ved Fitjar legesenter tek ferie. Sjå...

Les meir ...
annonse