Sundag 27. Mai 2018


Dei nye vindusfabrikk-eigarane vil støtte eldsjelar i Fitjar-samfunnet

Driftsleiar Nils-Rune Skogsrud ønskjer velkommen til fabrikken på Sjoarreset, som no heiter Harmonie. Foto: Kjetil Rydland.

 Harmonie, som nyleg har teke over trevarefabrikken på Sjoarreset, vil støtte eldsjelar og organisasjonar i Fitjar.

«Harmonie Hjertesak» vart oppretta i 2017 på hovudkontoret til selskapet i Stokke i Vestfold. Bakgrunnen er at bedrifta, som mange andre bedrifter, jamnleg vert kontakta av lag og organisasjonar som ber om ein liten donasjon til deira hjartesak. 

– Harmonie Hjertesak blir ein viktig arena for oss der me kan utrette ein liten forskjell, og vere med å setje fokus på svært viktige saker i vårt samfunn, seier marknadskoordinator Ellen Harbo.

Over 70 søknadar kom første gong Hamonie gjennomførte Hjertesak-utdelinga.

– Prosjektet gjekk ut på å støtte ein frivillig eldsjel i vårt lokalmiljø, og for ein respons me fekk! Me blei rørt av å lese om innsatsen, timane, nærleiken og varmen i fylket vårt.

No vil dei vidareføre året Hertesak til også å gjelde Fitjar-samfunnet.

– Harmonie ønskjer også å bidra til organisasjonar og eldsjelar i Fitjar. Me er takksame for å ha høve til å sysselsetje så mange menneske på fabrikken på Fitjar og ønskjer å engasjere oss i lokalsamfunnet, seier Harbo.

Det var i fjor at den tradisjonsrike trevarefabrikken Mestervindu blei kjøpt opp av Harmonie Norge. Frå og med i førre veke blei blei fabrikken profilert med nye skilt.

Søknadar kan sendast til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den., og fristen er 31. mai.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse