Sundag 27. Mai 2018



Den siste øvinga på Osternes skule er ferdig, men denne trauste gjengen ser ikkje ut til å missa motet. Foto: Kjetil Rydland. 

Osternes mannskor flyttar frå skulen etter 84 år!

Tysdag kveld blei ein merkedag i soga til Osternes mannskor, då dei avvikla si siste øving i skulehuset, etter å ha hatt øvingane sine der samanhengande i 84 år. 

 

I går kveld tona "Når fjordene blåner" for siste gong ut frå Osternes skule, då det tradisjonsrike koret hadde si aller siste øving der. På dagen 84 år og ein månad etter at koret blei stifta. No må dei nemleg skifta øvingslokale; frå og med neste tysdag skal dei øva i Kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg.



Osternes mannskor på songarstemne på Valen i 1951, med mange av dei som var med og starta koret i april 1934. Foto: Privat. 

 

Ingen av dei som var med på den første øvinga, 8. april 1934, var å treffa på Osternes skule i går. Naturleg nok. Men to av pionerane var med i koret i over 70 år, nemleg Johannes Sandvik og Gudmund Gloppen. Sistnemnde runda endå til 75 års teneste før han måtte gi seg, og Norges Korforbund hadde ikkje ei høveleg utmerking til så lang og tru teneste!

Lengst samanhengande fartstid i koret i dag har Harald Johan Sandvik, son til nemnde Johannes Sandvik. Han tok til hausten 1968, og har allereie fått 50-årsmedaljen sin. 

Tysdagens øving på Osternes skule blei avslutta med kake og kaffi. Leiar i koret, Karvel Strømme, las frå den første protokollen til Osternes mannskor, frå skipinga 8. april 1934. Han fortel at koret er oppsagt av Osternes grendalag, som eig det gamle skulehuset. Dei har no lagt gamleskulen ut for sal. 

Men Osternes mannskor held fram som før, seier leiar Karvel Strømme, og dei reknar med å få betre forhold der dei no kjem, i Kultursalen i Fitjar kultur- og idrettsbygg. Her har dei fått ein god leigeavtale, og vil få nytta både kjøkenet og flygelet. 

Det siste er ikkje minst akkompagnatør og arrangør Svein Tørnquist og dirigent Ole Christian Ottestad glade for. Sistnemnde har vore med sidan 2000, og haustar mykje ros frå leiar Karvel Strømme og dei andre kormedlemmene:

– Me er velsigna med ein akkompagnatør og ein dirigent utan sidestykke! slår Karvel Strømme fast.

Sjølv synest dirigent Ole Christian Ottestad at det har vore gildt å vera med og utvida repertoaret til koret, og nemner spesielt dei populære kabaretane. Til liks med koristane ser han framover: 

– Det er ikkje nødvendig å kunna notar for å bli med i koret, og me vil gjerne ha nye folk!

 


På den siste øvinga arbeidde dei med programmet til 17. mai i kyrkja, på Fitjar kultur- og idrettsbygg og Osternes bedehus. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Karvel Strømme las frå skipingsmøtet i den første protokollen til Osternes mannskor, frå 1934. Foto: Kjetil Rydland. 

 


Den entusiastiske dirigenten Ole Christian Ottestad sørgjer for høg kvalitet og har vore med og utvida repertoaret til det tradisjonsrike koret. Foto: Kjetil Rydland. 

 

 

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse