Sundag 27. Mai 2018



Her trødde Bjarte Stubhaug sine barnesko, i vår er han tilbake med stressmeistring for elevane på Rimbareid skule. Foto: Kjetil Rydland.

– Stress er ikkje farleg!

Rimbareid skule har dette semesteret hatt gåande eit spanande stressmeistringsprosjekt i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og psykiater Bjarte Stubhaug.

 

– Me kjenner kvarandre litt frå gammalt av, seier rektor Bjørn Haaland ved Rimbareid skule, og han legg ikkje på at det har vore kjekt å samarbeida med den kjende psykiateren frå Fitjar.

Stubhaug fortel at han har jobba mykje med stressmeistring på sjukehus og bedrifter i meir enn ti år. Arbeid med stress blant ungdom har han arbeidd mindre med, sjølv om han har halde foredrag om temaet for elevar i vidaregåande skule. Men eit stressprogram over tid, som dette prosjektet, har ikkje Stubhaug vore med på før.

– Eg kjenner ikkje til at det har blitt køyrt noko tilsvarande prosjekt i skulen før, seier psykiateren frå Fitjar. 

Pilotprosjektet for styrking av stressmeistringsevne hos barn og ungdom har som mål å: "Utvikle og implementere eit stressmeistringsprogram for elevar i barne- og ungdomsskule, Rimbareid i Fitjar, med målsetjing å auke kunnskap om stressdynamikk og å styre meistringsevne for stress. Evaluere nytte av prosjektet og foreslå vidare utviklingsarbeid ift. stressmeistring. Utvikle forskingsprosjekt vedr. stress og stressmeistring barn-ungdom." 

 


Bjarte Stubhaug teiknar og forklarer for 3. klasse ved Rimbareid skule i førre veke. Foto: Rimbareid skule. 

  
Ungdom slit med stress og psykiske vanskar

Bjarte Stubhaug har kontor rett nedanfor Rimbareid skule, og er såleis lett tilgjengeleg. 

– Det heile starta med at me hadde Bjarte her og snakka med personalet om stress og stressmeistring, fortel rektor Haaland. 

Inspirert av dette begynte dei å snakka om at dette kunne vera noko å ta ut til elevane. Som kjent er det mykje snakk om at ungdom er plaga av stress i dag. Og skulen er ein av faktorane som skaper stress. 

– Me veit at ein del ungdom slit med psykiske vanskar, seier Bjørn Haaland, og me trur det kan vera nyttig å få rettleiing i å sortera i tankane sine. 

Derfor har Fitjar kommune blitt med på dette fellesprosjektet med Helse Fonna og Høgskulen på Vestlandet. I styringsgruppa sit skulesjef John Karsten Raunholm frå Fitjar kommune, saman med professor Knut Steinar Engelsen ved Høgskulen på Vestlandet og seksjonsleiar Liv Åse Dybdal ved DPS Stord. Prosjektleiar er psykiater Bjarte Stubhaug.

I prosjektgruppa har psykiateren med seg klinisk pedagog ved BUP på Stord, Tove Røssland Ertsland og Ragnhild Steinsland, som er høgskulelektor i helsefag ved Høgskulen på Vestlandet. Her er Fitjar kommune representert ved rektor Bjørn Haaland og inspektørane Aina Vestbøstad og Thor Gunnar Bakke. 

I Fitjar er det berre Rimbareid skule som er med på prosjektet. Måndag i førre veke gjennomførte psykiater Bjarte Stubhaug den fjerde arbeisdøkta si saman med dei utvalde klassane, ein 3.-klasse, ein 7.-klasse og ein 10.-klasse. På alle desse stega er det to parallellklassar, og dei andre klassane på desse stega vil fungera som kontrollklassar. 


– Stress er uunngåeleg, og ikkje dødeleg!

Bjørn Haaland seier det er bevisst at dei har har gått inn på ulike alderssteg; dei har lyst å sjå kor det kan vera nyttig å arbeida med eit slikt prosjekt. Psykiater Stubhaug har hatt ein dobbeltime i dei respektive klassane kvar gong, slik at han har vore til saman åtte timar i kvar deltakarklasse. 

Her har den kjende psykiateren snakka med elevane om kva me meiner når me snakkar om stress, slik at dei skal forstå kva stress er for noko. Dei har kome inn på stressreaksjonar som dei kan få, og øvingar for takla stress. Eit viktig mål er å læra å takla stress.

– Normalt sett er ikkje stress dødeleg, understrekar rektor Haaland, i ein del samanhengar er det nødvendig og positivt.

Stress møter me alle, det er uunngåeleg, det aukar beredskapen og skjerpar fokus. Men me må læra å ta stresset ned att. 

Psykiater Stubhaug understrekar at Vårherre har utstyrt oss menneske med turtalssperre, slik at me ikkje sprekk sund som lemen. 

Stubhaug understrekar at kunnskap er ein føresetnad for å skilja ubehag frå fare. Stressituasjonen er sjeldan farleg, seier han For å leva eit greitt liv er det vikitig å skilja kva som er farleg og kva som berre er ubehageleg. 

I klassane på Rimbareid har han snakka med elevane om kva stress er. Dei store – i sjuande og tiande klasse – var nok ikje så opne; dei var nok opptekne av å ikkje dumma seg ut. Men Stubhaug opplevde 3.-klassingane som svært flinke i å finna eksempel på kva stress er. 

– Dei har skjøna kva det handlar om! seier han, og er tydeleg imponert over åtteåringane. 

 

Spanande nybrottsarbeid for skulen

– Som skule synest me dette tverrfaglege nybrottsarbeidet er både utviklande og spanande, seier rektor Bjørn Haaland. 

Han legg til at i den nye læreplanen, som kjem snart, er livsmeistring eit sentralt tverrfagleg tema. Og stressmeistring kjem så absolutt inn under dette, understrekar Haaland. Derfor er han entusiastisk over at skulen hans kan vera i forkant av den nye læreplanen, at dei kan hausta erfaringar no som kan nyttast når denne blir innført. 

Psykiater Stubhaug er oppteken av å finna ein god pedagogikk, ein måte å formidla bodskapen på dei ulike aldersstega. Det er stor forskjell på dei ulike aldersgruppene, understrekar han, og ser for seg ei spennande utfordring. 

Når han kjem tilbake i neste veke for den siste økta i klassane på Rimbareid, vil elevane få utlevert det same spørjeskjemaet på nytt. Såleis vil vonar han å sjå om prosjektet har hatt nokon verknad.

Resultata skal evaluerast i juni, og så vil det bli vurdert om ein skal gå vidare. Førebels har ikkje prosjektet kosta noko ekstra, då Bjarte Stubhaug og dei andre medverjkande har brukt av tida si hos sine respektive arbeidsgivarar.

– Men om me skal halda fram, må me ha ekstra midlar, understrekar psykiater Bjarte Stubhaug. 

 

Me treng elektroniske hjelpemiddel

Psykiateren er oppteken av e-læring, og slår eit slag for stressmeistringsappen Mestre, som du kan lasta ned på nettstaden www.stressmestre.no

– Det folk held i handa, må me nytta oss av, seier Stubhaug, og siktar til mobiltelefonen.

Me må ha e-læring seier han, og vonar å få IKT på Høgskulen med på eit samarbeid om å utvikla e-læringsprogram om stressmeistring.

 

Må akseptera stress

Psykiateren kan ikkje lova eit liv utan stress, han er klar på at noko stress må me akseptera. Men stress kan i tillegg til ubehag gi mange plager. Angst og uro, dårleg søvn, depresjon, konsentrasjonsproblem, dårlegare skuleprestadjonar og psykisk helse er blant følgjene han nemner.

– Stress gir dårleg trivsel og mindre sinnsro, derfor er det ein stor fordel med mindre stress, understrekar Stubhaug.

Han oppmodar oss alle om å setja av tid til å vera, ikkje berre å gjera, som han uttrykkjer det. Sansetrening er godt for å stressa ned, meiner han, og avsluttar med å slå eit slag for heimbygda:

– Fitjar er ein god plass for sanseopplevingar!


Bjarte Stubhaug fekk god kontakt med 3.klassingane. Foto: Rimbareid skule.  


Åtteåringane er flinke å finna gode døme på stressituasjonar, mener psykiater Bjarte Stubhaug. Foto: Rimbareid skule.
 


Bjarte Stubhaug i 7. klasse. Foto: Rimbareid skule.

Butikkar og tenester i sentrum "Klikk for å sjå alle"

.

Ikkje drep hoggormen!

25.05.2018 Kjetil Rydland

I dag hadde denne stakkars hoggormen kome fram i sola og mist livet. Foto: Kjetil Rydland. Ikkje drep hoggormen! I ettermiddag låg ein død hoggorm på traktorvegen frå Dalshaugane opp mot Tveitakleivo...

Les meir ...

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyn…

25.05.2018 Jonas

Inviterer til «Dei Unges festspelframsyning» Laurdag inviterer Fitjar kulturskule, saman med dei andre kommunane i Sunnhordland, til «Dei unges festspelframsyning» i kinosalen i Stord kulturhus.

Les meir ...

Både Drønen og Lydersen på søkjarlista

25.05.2018 Kjetil Rydland

Fríðleif Lydersen vil bli sokneprest i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland. Både Drønen og Lydersen på søkjarlista Då søknadsfristen gjekk ut denne veka, var både fungerande sokneprest Fríðleif Lydersen og tidlegare Fitjar-prest Roald Drønen...

Les meir ...
annonse

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjon…

24.05.2018 Jonas Sætre

Geir Skeie med hårete hurtigmat-ambisjonar: – Potensialet er mykje større enn 1000 restaurantar I november var planen til Geir Skeie å starte opp 10 restaurantar av hurtigmatkonseptet «Pink Fish» i løpet...

Les meir ...

Innfører totalforbod mot open eld

24.05.2018 Jonas Sætre

Innfører totalforbod mot open eld Illustrasjonsfoto: Pixabay Fitjar kommune innfører totalforbod mot open eld i grunna stor  gras-, lyng- og skogbrannfare.

Les meir ...

«Verdas o-dag» – ei global mønstring

23.05.2018 Kjetil Rydland

 Ola og Jon Fitjar Hjelle sprang den korte løypa, og kom i mål hakk i hæl. Foto: Kjetil Rydland. «Verdas o-dag» – ei global mønstring I går var Fitjar med på «Verdas...

Les meir ...
annonse

Fagtorg "Klikk for å sjå alle"


Legg ny straumkabel

26.05.2018 Kjetil Rydland

Her blir det lysregulering framover, til arbeidet med straumkabelen frå bedehuset til Rimbareid er ferdig. Foto: Kjetil Rydland. Legg ny straumkabel I desse dagar legg Fitjar Kraftlag ned ny straumkabel mellom Fitjar...

Les meir ...
annonse